Haugesund sjukehus 21-8-2019_8 copy
FOTO: Eirik Dankel, Helse Fonna

Opnar for besøk etter tre månader med strenge restriksjonar

Frå og med onsdag 10. juni er igjen mogeleg å besøka pasientar innlagde på sjukehus i Helse Fonna. Kvar pasient kan berre ha éin person på besøk mellom klokka 16.00 og 17.30. Samstundes blir det opna for fleire besøkande ved særskilde tilfelle.

For å ivareta smittevern og tryggleiken til pasientar og tilsette, blir besøk lagt til rette så langt som praktisk mogeleg.

– Den enkelte sitt behov for besøk må vurderast opp mot risiko for smittespreiing og risikofaktorar hos den enkelte. Samstundes skal det oppretthaldast godt smittevern, heiter det i retningslinjene frå Helse Fonna.

Begrensa til éin besøkande

Besøkstida er mellom klokka 16.00 og 17.30 alle dagar, og det er berre tillate med éin besøkande per pasient. Er pasienten på einerom, kan besøket vara inntil éin time. På fleirsengsrom kan ein berre vera på besøk i opptil ein halv time.

Dei som kjem på besøk skal gjerast kjende med kva smitteverntiltak som skal gjennomførast, og det blir stilt spørsmål om mogeleg Covid 19-smitte når dei kjem i skranken. Besøkande skal vere symptomfrie. Dei som er i karantene eller isolasjon kan ikkje komme på besøk. Pasientar med uavklart Covid 19 skal ikkje ha besøk.

Kan vera med på fødsel

Frisk partner kan vera med på fødsel/keisarsnitt og på familierom på føde‐/barselavdeling. Partner kan koma på besøk på fleirsengsrom i visittid, men det er ikkje tillate med andre besøkjande, heller ikkje søsken.

Det kan vera litt ulike reglar ved ulike avdelingar, og nokre avdelingar er meir restriktive i høve til å ta imot besøk. Difor kan det vera lurt å ringja på førehand, om ein er usikker.

Særskilte omstende

I særskilte omstende vert det også opna opp for å leggja til rette for utvida besøk. Dette skal drøftast med lege, sjukepleier og leiar ved avdelinga. Aktuelle grupper er:

  • Barn under 18 år sine foreldre/føresette.
  • Barn som er pårørande til pasientar med lengre opphald.
  • Pårørande/hjelpepersonale dersom det der nødvendig for å gjennomføra konsultasjonen (til dømes funksjonshemming).
  • Pasientar i siste fase av livet.