Mange har opplevd nedstenginga av samfunnet som vanskeleg, ikkje minst ungdomen.
Mange har opplevd nedstenginga av samfunnet som vanskeleg, ikkje minst ungdomen. FOTO: Privat

Korleis har koronatida påverka ungdommen i Sveio?

Det er litt av ei tid me har lagt bak oss dei siste månadene, eg trur det har vore vanskeleg for kvar og ein av oss. Mine tankar går spesielt til dei unge eg arbeider med, ungdommane i Sveio kommune.

Som om det ikkje er tøft nok berre å vera ungdom frå før, så kjem koronasituasjonen på toppen av det heile. Og om me ikkje hadde nok skjermtid frå før, blei det enda meir no; ein straum av katastrofenyheiter, uvisse, panikk som strøymer rett gjennom telefonane våre. Konstant påfyll av skremmande nyhende. Det er jo skummelt nok berre å vera ungdom med alle dei tankane og kjenslene ein gjennomgår. Me kjenner jo alle nokon i risikosona også. Enda meir bekymring.

Som ungdomskoordinator i Sveio har Flemming Lothe sakna den direkte kontakten med ungdommen. Foto: Frida Jepsen

Eg har prøvd å halda på kontakten med ungdommane via sosiale mediar så mykje som mogleg. For å finna ut korleis koronasituasjonen har innverka på kvardagen til dei unge i kommunen, føretok eg ei anonym spørjeundersøking via Snapchat. Spørsmålet eg stilte var; korleis har korona påverka Sveio-ungdommen?

«Totalstenginga var tøffast, på grunn av all usikkerheten og alle dei skumle nyhetene»

«Ikkje kunne vera med venner», er eitt av dei svara som gjekk mest igjen.

Det har også vore vanskeleg for enkelte at nokre får lov til å fortsetja som normalt med venner, medan andre har hatt foreldre med totalforbod om å vera med venner i ein lengre periode.

Dette har nok blitt opplevd som krevjande og urettferdig for fleire. Det var også stor skuffelse for mange då alle planar blei anten avlyst eller sett på pause. Keisamheit, einsemd, uro og sakn av sosial omgang går også igjen i fleire av svara. Også mykje sakn etter fritidsaktiviteter.

Nyleg var det ein ungdom som stoppa meg og spurde: – «Flemming, when will u make Vigdartun great again?»

Som ungdomskoordinator i Sveio har eg sakna veldig den direkte kontakten med ungdommen. Det er ikkje det same med sosiale mediar, men det har absolutt vore eit fantastisk flott verktøy i denne tida. Men no er alle me som driv på med fritidsaktivitetar på Vigdartun, veldig klare for å opna opp igjen.

Flemming Lothe, ungdomskoordinator i Sveio, stiller ungdomen spørsmålet: «Korleis har Corona påverka din kvardag?»

Men sjølv om det har vore, og framleis er krevjande tider, synest eg at folk flest har takla det svært bra. Mange har nytta tida til å læra seg nye digitale verktøy, nye hobbyar, og klart å halda på kontakten med vennene sine. Eg høyrer no frå fleire at det er veldig godt å koma i gong igjen med skule og den «nye» kvardagen. Me lever framleis i ei usikker tid, men eg trur det kjem til å koma mykje bra ut av denne krisa.

Eg vil også nytta høvet til å fremja konseptet UngSveio. Ein informasjonskanal for det som har med ungdom og fritid i Sveio kommune å gjera. Alt frå arrangement som House of Fun til samarbeidsprosjekt med Sveio ungdomsåd, Sveio frivilligsentral og mykje meir. UngSveio kan ein følgja på Facebook, Instagram og snart Snapchat.

Elles er det berre å skryta over den utruleg flotte ungdommen me har i Sveio. Eg er superstolt av kvar og ein av dykk! Ikkje gløym at me er der alltid for dåke, uansett kva det skulle vera! Alle kvar og ein av oss som jobbar med dykk; lærarar, foreldre, MOT, helsesøstrer og prest.

Me går ein spanande haust i møte. Det er viktig at me alle står saman og støttar kvarandre så mykje som me berre kan. Alt blir bra!

Flemming Lothe,
ungdomskoordinator