I appen «Hjelp 113» er alle nummera til naudetatane samla. Her kan du også nå nærmaste legevaktsentral, uansett kor du er i landet.
I appen «Hjelp 113» er alle nummera til naudetatane samla. Her kan du også nå nærmaste legevaktsentral, uansett kor du er i landet. FOTO: Thomas T. Kleiven

Appen kan vera livsviktig

Dersom ein kjem ut for eit naudstilfelle kan det vera vondt å forklara kor ein er. Helsedirektoratet og Norsk Luftambulanse anbefalar alle å installera appen «Hjelp 113»

Som regel veit ein kor ein er, anten det er heime, på kontoret eller på butikken. No står haustferien for dørane, og mange vil nok dra ut på tur. Korleis ein skal forklara kor ein er i fjellet eller på stien kan vera vanskeleg, spesielt i ein krisesituasjon.

– Dersom me ikkje veit kor du er, har me ikkje nokon stad å senda hjelpa til. Så enkelt er det. Derfor kan appen «Hjelp 113» ha ein heilt avgjerande betydning, seier Jørgen Skogmo, luftambulansekoordinator ved AMK-sentralen i Oslo i ei pressemelding.

Ring frå appen

Det vesle programmet, som er gratis, kan vera lurt å ha framme på startskjermen, slik at den er tilgjengeleg om ein treng kontakt med politi, brannvesen eller helse.

I stadenfor for å ringa på vanleg måte, går ein inn i appen, og trykker på anten 110, 112 eller 113. Når rett instans svarar i andre enden, vil dei få opp nøyaktige koordinatar til innringaren er.

Også legevakt

I den nyaste versjonen, er det også mogleg å ringa legevakta (116 117), då kjem ein i kontakt med nærmaste legevaktsentral.

– Denne appen vil vera det viktigaste du har på telefonen din, og den er gratis å lasta ned. Dette sparar redningsmannskapa for verdifulle minutt, seier generalsekretær i Stiftelsen Norsk Luftambulanse, Hans Morten Lossius.

Godt brukt

Programmet er utvikla av Stiftelsen Norsk Luftambulanse i samarbeid med Helsedirektoratet, og er lasta ned over 1,6 millionar gonger. Kvar dag er det rundt 200 naudsamtalar frå appen.

– Me kan faktisk redda rundt 20 liv kvart år om alle ringer 113 frå denne appen. Viss me kan spara 30 sekund ved ein hjartestans, kan det bety skilnaden på liv og død, seier seniorrådgjever Bjørn Jamtli i Helsedirektoratet.