Monica V. Valen.
Monica V. Valen. FOTO: Iris Elin Ullvang, arkiv

Klarer me å bli einige om fengsel på Haugalandet?

Kommunane må bli einige om plassering lokalt for at ein skal ha håp om at det blir fengsel på Haugalandet. Anbefalingane som er utarbeida av konsulentfirmaet Dovre og Kriminalomsorga er dårleg nytt for Haugalandet. Lokale politikarar har i fleire år arbeida for å få bygd eit nytt fengsel i Sveio. Det som kjem ut av rapporten er tre alternativ:
1. Haugesund fengsel vart nedlagd, Sandeid fengsel består.
2. Haugesund og Sandeid fengsel vart nedlagd.
3. Nytt fengsel på Haugalandet, fengsla i Haugesund og Sandeid vart nedlagd.
Det er også sett opp eit alternativ 0 som er moderate endringar frå strukturen me har i dag, men dette alternativet vinn ikkje fram.
Alternativ 3 blir sett på som det nest beste, også her foreslår ein nedlegging av Sandeid og Haugesund fengsel, medan å bygga eit nytt fengsel med 96 høgsikkerheitsplassar. Det er nå 18 høgsikkerheitsplassar i Haugesund, og 88 med lågare sikkerheit i Sandeid. Med alternativ 1 og 2 så er det store geografiske avstandar, spesielt alternativ 2 som er prioritert på 1. plass i rapporten.
Rapporten legg opp til sentralisering av fengsel, der det berre skal vera fengsel i dei store byane. Vi har to tinghus i regionen i dag, og det er allereie lang reiseveg sidan folk som skal få sakane sine opp er fengsla over alt. Reisevegen til tinghusa vil bli enda lengre om anbefalingane i rapporten vinn fram. Vil også legge til at rapporten legg vekt på kostnadane med å bygga fengsla, men dei «usynlege kostnadane» slik som transport kostnader er ikkje tatt med i reknestykket.
Senterpartiet meiner at det enda kan vera mogleg for at det kan bli fengsel på Haugalandet, men då er ein avhengig av at alle kommunane lokalt blir einige om plasseringa. Viss ein ikkje klarer å samarbeide, så kan ein mista moglegheita til å få eit fengsel til vår region. Det vil heile regionen tapa på. Eit slik bygg vil skapa mange arbeidsplassar og ein vil nytta fleire lokale tenester. I tillegg ønskjer ikkje Senterpartiet at ein skal sentralisera alle offentlege bygg, vår region treng også eit fengsel. Det blir store avstandar for pårørande når dei skal på besøk til sine næraste som må sone.
Monica V. Valen
for kommunestyregruppa i Senterpartiet