Medlemmene har nett fått utdelt merkene. Framme f.v.: Hans Ole Ness Emberland, Kristian Johan Saltvedt, Sondre Knudsen, Karen Sofie Saltvedt, Agathe Ness Emberland og Vilde Lønning.

Bak f.v: Jørgen Haldin Vallestad, Johannes Ness Emberland, Kristian Haaversen, Martin Emberland og Marie Emberland.
Medlemmene har nett fått utdelt merkene. Framme f.v.: Hans Ole Ness Emberland, Kristian Johan Saltvedt, Sondre Knudsen, Karen Sofie Saltvedt, Agathe Ness Emberland og Vilde Lønning. Bak f.v: Jørgen Haldin Vallestad, Johannes Ness Emberland, Kristian Haaversen, Martin Emberland og Marie Emberland. FOTO: Privat

Spretten tok haustfesten som ein bytur i år

Me i Spretten 4H markerte søndag 1. november den årlege haustfesten på ein litt annleis måte.
Me bestemte oss tidleg for at me ikkje kunne feira festen som vanleg, med foreldre, besteforeldre, tanter og onklar. Difor inviterte me kun medlemene i klubben, og ordførar Linn Therese Erve.

Me samla oss Dolly Dimples i Haugesund, og spanderte pizza, kake og brus på heile gjengen. For å få presentere prosjekta, som ein vanlegvis gjer via ein utstilling alle lagar, laga alle medlemmene ein presentasjon av oppdraget. Leiar i klubben sette alt saman til ein film med musikk og klang, og viste filmen saman med pizzaen.

Det var ei fin og annleis feiring. Medlemmene, og klubbrådgjevrane koste seg, ordføraren var også stornøgd.

Marie Emberland,
leiar i Spretten 4H

Pizza på heile gjengen. Medlemmene sit i kohortar. FOTO: Privat

Ordførar Linn Therese Erve var med. Marie Emberland fekk utdelt salamandernåla. FOTO: Privat