Ruth G. Ø. Eriksen, Sveio FrP.
Ruth G. Ø. Eriksen, Sveio FrP. FOTO: Arkiv

Stortingsval 2021:

Eriksen er på 7. plass for FrP i Hordaland valdistrikt

Vestland FrP vedtok i helga nominasjonslista for Hordaland valdistrikt. På sjuandeplass finn me Sveio sin varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen. Vårt lokale håp frå FrP har beina godt planta på jorda når det gjeld forhåpningar om å bli stortingsrepresentant ved valet i 2021.

– FrP må nok gjera eit brakval for at eg skal komma inn, men dette er ei tillitserklæring – eg klatrar oppover på lista, seier den blide stortingskandidaten, som ved førre val var på 10. plass.

Frå Hordaland valkrins (fylke) er det 16 representantar frå ulike parti på Stortinget i dag, to av dei er frå Vestland FrP. Desse to, Helge André Njåstad frå Austevoll og Silje Hjemdal frå Bergen er også på topp av nominasjonslista, etterfølgd av Sigbjørn Framnes frå Stord.

– Mine hovudinteressefelt er kommuneøkonomi, helse og omsorg, utdanning og skule. Eg trur det er viktig å ha med seg folk som har god kjennskap til utfordringar i kommunane – ikkje berre dei store, men også dei små, sjølv om Sveio er ein mellomstor kommune, seier 57-åringen.

Ho er nøgd med å ha fleire frå Sunnhordland med på lista.

– Det er viktig å ha lokale folk å henvenda seg til. I FrP er det tett og god dialog, kort veg til våre stortingsrepresentantar som gjer det lett å komma med innspel, seier Eriksen. Sigurd André Maraas (Fitjar) og Reinert Svanberg (Stord) er også nominerte.