Valestrand oppvekstsenter.
Valestrand oppvekstsenter. FOTO: Valestrand oppvekstsenter (arkiv)

Julehelsing til ordførar og politikarne i Sveio kommune frå Valestrand Bygdelag

Valestrand Bygdelag vil retta ei stor takk til Sveio kommune for hjelp med søknad og engasjement i søknadsprosessen om midlar til Liv og Lyst-prosjektet.

Valestrand Bygdelag har gjennom dei tre-fire siste åra jobba intenst for å marknadsføra Sveio kommune og «Kulturbygda Valestrand» og hatt mykje arbeid med søknadsprosessen hos fylkeskommunen. Både fylket og Sveio kommune har ytt stønad til dette prosjektet over ein 3-årsperiode. Me er utruleg takksame for hjelpa.

Arbeidet Valestrand Bygdelag har lagt ned, har gitt Sveio kommune og Valestrand positiv omtale langt utanfor kommunen sine grenser. Liv og Lyst-gruppa har i år fått laga ein rapport frå eit anerkjent konsulentfirma, LÉVA Urban Design, eit «muligheitstudie» for Valestrand. Den viser til dei kvalitetar som ligg i bygda, nødvendig infrastruktur og moglegheitene bygda har.

Det er ei gåvepakke til kommunen og til bygda i desse koronatider, vil mange seia, når ein no ser nødvendigheita av å tenka annleis når ein skal utforma samfunnsstrukturar og busetjingsmønster.

Administrasjon og politikarane har fått presentert prosjektet i julamøtet (kommunestyremøtet i desember, red. anm.), og som gode vener pleier å gjera i desse juletider, fekk dei av Liv og Lyst-gruppa forelagt denne rapporten som ei fin julehelsing.

Men me fekk oss eit kraftig skudd for baugen her i begynnelsen av månaden, etter julamøtet, då Sveio kommune gav oss si «julehelsing», ein bestilt rapport frå Telemarksforskning, som anbefaler nedleggjing av Valestrand oppvekstsenter og Auklandshamn skule, samt flytting av elevar frå Vikse skule?

Det er klart at ein får svar, som ein ropar i skogen. Jau, det er nok eit bestillingsverk og me lurer på kven av dei politiske partia som har gjort krav om denne bestillinga? Det var litt av ein presang og julehelsing frå kommunen, men me har på video frå før valet, kor samtlege parti som i dag «sit med makta», garanterte at skulane ikkje skulle rørast i den kommande 4-årsperioden.

Men det skulle ikkje undra oss om dei får til ei nedlegging likevel – og med éi stemme overvekt, men då går det på truverdet og legitimiteten laus.

Truverd og tillit er ikkje noko ein kan krevja, det er slikt ein gjer seg fortent til… Det er difor i alle si interesse at nedleggjingsforslaget blir lagt dødt og forkasta.

Styret i Valestrand Bygdelag
v/leiar Agnieszka Wanag