Slik ser arkitektfirmaet Vikanes Bungum for seg at ein ny symjehall ved Vigdartun og sentralidrettsanlegget kan sjå ut.
ILLUSTRASJON: VIKANES BUNGUM
Slik ser arkitektfirmaet Vikanes Bungum for seg at ein ny symjehall ved Vigdartun og sentralidrettsanlegget kan sjå ut. ILLUSTRASJON: VIKANES BUNGUM

Spanande tider for Sveio i 2021

Godt nytt år til alle sambygdingar. Vonar me kjem oss litt i gjenge igjen utpå vårparten, og at me kan sjå framover mot lysare tider.

Etter at budsjettet for Sveio kommune blei vedteke, har det vore friske debattar og spenstige lesarinnlegg i ulike media. Det er kjekt at politikken engasjerer og det er kjekt at ein bryner meiningane sine. Det har dreidd seg om sak og politiske parti. Eg er glad for at me i Sveio har eit debattklima der ein ikkje går til ufine personangrep. Nedanfor vil eg forsøke å oppklare nokon saker. Dei som ynskjer å forstå vil legge godviljen til og forstå, og monaleg sjå ein større heilskap enn berre fragment av sakskartet. Dei som er ueinige i alt eller noko må sjølvsagt vere det.

Ny kommunal barnehage i Sveio sentrum
Det er på høg tid at born i Sveio får ein ny kommunal barnehage som erstatning for ein framifrå, men nokon sliten bygningskropp som står der i dag. Dette er ei gladsak som blei sikra av budsjettfleirtalet i kommunestyret, og som viser ei ekte satsing på framtida. Våre born skal ha ein tenelege og framtidsretta barnehage som skal gi dei ein god barnehagestart. Planlegging og prosjektering av denne ligg no inne i budsjettet.

Badeanlegg og ny idrettshall
Dette er to gode prosjekt som skal vere med på å løfte idrett og kulturtilbodet til born, ungdomar og vaksne for alle i Sveio. Den største brukargruppa vil vere dei rundt 500 elevane ved Sveio skule på dagtid, men også på kveldstid vil det yre av liv og røre ved sentralidrettsanlegget for alle som vil.

Sveioåsen 3
I Sveio sentrum har det i fleire år vore mangel på kommunale tomter, og dette er heldigvis i endring med igongsetjinga av Sveioåsen 3, som vil bli svært attraktive tomter i ein kommune som vil noko med framtida.

Eg trur at alle dei nemnde investeringsprosjekta vil vere med på å løfte innbyggjartalet i kommunen, for då vil særleg småbarnsfamiliar sjå at dette er ein kommune som også satsar på dei, samstundes som me yt gode tenester til dei flotte innbyggjarane me allereie har.

Trafikksikringstiltak
Heldigvis er det ei brei semje om å setje av 5 millionar kvart år til ulike trafikksikringstiltak rundt om i kommunen. Dette for å trygge menneske i alle aldrar når ein ferdast ute langs vegane. Slike tiltak kan vere gatelys, utretting av veg, fortau, overgangar med sterkare lyssetting og liknande.

Eigedomsskatt
Sveio Ap, Sveio FrP og dei to uavhengige har eit valteknisk og politisk samarbeid i perioden 2019 til 2023. I eit samarbeid bør og må alle partar ha ei oppleving av å høyre til, for at eit samarbeid skal fungere. Reduksjon av botnfrådraget for eigedomsskatten er ei sak der ein har måtte inngå kompromiss for å styrke samarbeidet. Ein kan diskutere om det er rett, men slik er stoda. Desse inntektene må hentast ein annan stad, og eit døme på «nye» driftsinntekter for 2021 er å bruke avkastinga frå Havbruksfondet. No har sentrale styresmakter lagt om inntektssystemet frå dette fondet, slik at ein skal kunne planlegge inntektene betre ute i kommunane. Sjølvsagt kunne ein valt andre løysingar og brukt inntektene frå Havbruksfondet til noko anna, men det er det ikkje rom for no i år. Frå 2022 ynskjer me likevel å setje desse inntektene inn på investeringsfond til mellom anna ny idrettshall.

Reduksjon i formuesskatten
Sveio FrP spela dette inn i desember, og bad om å få ei sak der ein skal sjå på kva konsekvensar ein slik reduksjon vil seie for Sveio. Dette er ein ryddig måte å gjere det på, og ikkje slik andre kommunar har gjort løyst dette ved å ta ein reduksjon av formuesskatten rett inn budsjettarbeidet utan ei konsekvensutgreiing. Ein reduksjon i formuesskatten i Sveio er altså ikkje vedtatt, dersom nokon trur det. Det skal avgjerast i kommunestyret slik som andre store saker.

Førde legekontor
Dette var ei sak som skapte eit utruleg engasjement, og i starten var det heilt sikkert nokon som trudde, eller ville ha andre til å tru, at Sveio Ap ville leggje ned legekontoret i Førde. Det har det aldri vore snakk om frå vår side, og heller ikkje i tankane våre. Sveio Ap vil som alle andre parti i kommunen oppretthalde den legestrukturen som er no, og det viste me gjennom vedtaket i kommunestyret.

Distriktsprofil
Eg skjønar godt at fleire saknar ei tydeleg satsing på investeringsprosjekt i randsonene av kommunen. Det er ikkje prioritert no, for me i Sveio Ap ser på heile Sveio som ein distriktskommune, og då meiner me det er viktig å styrke aksen Førde og Sveio sentrum først, for å kunne byggje innanfrå og ut. Det trur me vil gjere Sveio mest robust på sikt som den distriktskommunen me er. Me vil sjølvsagt gjere vårt beste for å yte gode kommunale tenester til alle innbyggjarane i kommunen, uansett kor ein bur.

Dette var noko av det som har skjedd no nyleg og som er på trappene i 2021. Me går inn i eit nytt år med forventningar og ei viss spaning. Eg trur alle parti ser fram til at sentrumsplanen blir ferdig, for no går me inn i det 6. året med dette arbeidet. Samfunnsdelen er ferdig og no ventar me på å få vedtatt kartdelen, slik at store og viktige samfunnsprosjekt kan realiserast. Eg skulle ønske at me allereie var i mål, men kommunale prosessar tar tid.

Beste helsing
Asle G. Halleraker
Leiar Sveio Ap