Lid skule.
Lid skule. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Ja til daude bygder!

Her i kommunen har det vore for mykje liv og røre i krinsane, spør du meg. Det har vore barneskular her og der, med alt det fører med seg av aktivitet. Men no har kommunen lagt ned mange skular, og fleire skal det kanskje bli, og no vil dei selja dei gamle skulane. Hurra for det!

På desse nedlagte skulane har det vore alt for mykje aktivitet. Her har det vore fritidsklubbar, idrett, trim for eldre og yngre, 4H, kurs, julemesse, 17. mai-feiring og alt mogleg anna. Mange har vore på hjartestartarkurs på nedlagte Lid skule, og slike ting må me ikkje stella i stand. Me vil heller ikkje at ungane skal ha fritidstilbod i krinsen, slik at dei kan vera med dei andre ungane i bygda. Tenk om me får eit slags samhald ut av det!?

Det er heller ikkje noko fint at ungane kan gå eller sykla til aktiviteten dei skal på. Det er mykje betre om alle tilbod blir i sentrum, så kan me vaksne få køyra milevis kvar veke. Nei, legg ned alt, her skal me ha så daude bygder som me berre kan! Det er berre å selja i veg.

Forresten så betalte alle i Lid-krinsen inn ein slump med pengar i Lid grendahus i si tid, så dei som har budd i grenda lenge, er medeigarar i grendahuset. Men pytt, Eiffeltårnet har blitt selt fleire gonger, så det er ikkje så farleg om ein ikkje eig det ein vil selja. Det er viktig at kommunen kan få inn litt pengar og at bygda samtidig blir daud som ei sild. Det er det me vil ha! Så legg ned skular og selg alt ein kan.

Kanskje ein skulle selja kommunehuset, òg?

Stine Prøysen