Dronefoto-Vikse
Illustrasjonsfoto, Viksefjorden september 2019. FOTO: Susanne Lie Vallestad

Levande bygder og eit attraktivt sentrum

Dei siste åra har det vore ei positiv utvikling i Sveio sentrum, og det er reist fleire bygg der. Viktige nybygg som skal gjera det betre for oss sveibuar å benytta sentrum og kommunen. Vidare er det planlagt nytt badeanlegg og idrettshall som gjer at kommunen har gjennomført eller planlagt bygg i storleik 300-400 millionar. Dette er viktige investeringar som skal rusta Sveio for framtida, og som det har vore stor politisk semje om. Det er viktig å understreka at også Høgre fortsatt ønskjer å satsa i sentrum.

Men eit attraktivt sentrum treng levande bygder. Nå kan det virka som at det einaste dei som bur i bygdene får frå kommunen, er ein evig kamp om å få bevara skulen sin. Skal me ha levande bygder, treng me alle skulane, og me i Sveio Høgre meiner at nå må me også satsa på bygdene.

Sveio Høgre vil derfor lansera ein «Levande bygder-plan 2021-2031». Når coronaen er over, vil me dra rundt i bygdene og snakka med folk for å gi planen innhald. Kan f. eks. eit Fartein Valen oppvekstsenter for Valestrand vera ein idé? Eit nytt bygg som inneheld barneskule, barnehage og eit musikksenter. Ved å samla dette kan ein få store synergier.

For Vikse og Ekrene vil me foreslå at Rophusvegen blir bygd, at det blir bygd sykkel- og gangveg mot Vikse skule – og stimulera til ein matbutikk på Ekrene.

For Bua og Auklandshamn vil me foreslå at kommunen går i front for å leggja til rette for attraktive byggjeområde og store tomter som gir rom for dyrking av mat t.d. næringsområda på Tjernagel har lenge nok lege brakk, nå må dei bli realiserte.

Førde har ei unik plassering tett på E39 og fjorden, ein veldig attraktiv stad å busetja seg om tilhøva blir lagde til rette. Det aller viktigaste med forslaga våre er at dette er eit ønskje av dei som bur her, og at dei får vera med å bestemma korleis me kan gå fram for å få til ei utvikling i bygdene.

Når me skal snakka med bygdene, blir det ofte fokusert på det negative. Men me har alle moglegheiter om me ønskjer å ta dei. SSB sin «Regionale befolkningsframskriving» fram mot 2050 seier at Sveio skal få 15 % vekst, som betyr 869 nye sveibuar. Veksten er faktisk den sterkaste i vår region. Dette gir Sveio ein stor fordel, og me i Høgre meiner at nå er tida kommen for å satsa på alle som bur  i Sveio, det vera i eit attraktivt sentrum eller ute i våre levande bygder.

Sveio Høgre
Lars Einar Hollund
John Kristian Økland
Mikal Møller Hovda