Ungdomskontaktane Sigrun Økland (NAV Stord) og Vebjørn Bjørkås (NAV Fitjar).
Ungdomskontaktane Sigrun Økland (NAV Stord) og Vebjørn Bjørkås (NAV Fitjar).

Ungdomskontaktane i NAV deler sine tips:

Slik får du sommarjobb

Har du fått deg sommarjobb? Det er ikkje for seint å starte jakta. Sommarjobben gir ikkje berre pengar på konto. Den kan også gi ein prøvesmak på eit yrke du er nysgjerrig på eller ein døropnar til ein ekstrajobb når hausten kjem. Om du gjer ein god innsats og får attest frå arbeidsgjevar, står du sterkare i jobbsøkinga seinare. Tipset vårt er difor at du leiter etter sommarjobb fyrst og planlegg ferien etterpå.

Så kor finn du sommarjobben? Ein god stad å byrja er Arbeidsplassen.no. Her finn du dei fleste jobbane som er utlyst. Eit søk på «sommerjobb» gir treff på over 230 stillingar i Vestland fylke. Ver nøyaktig når du les annonsene, og sjekk om du oppfyller viktige krav som alder, utdanning og førarkort. Ver aktiv og søk gjerne på fleire jobbar samstundes.

Mange lyser ikkje ut dei ledige stillingane sine. Fleire får jobb ved å sende CV-en og ein open søknad direkte til arbeidsgjevarane dei er interesserte i. Hald deg oppdatert på nettsidene til bedriftene og følg dei på sosiale medier. Då kan du lettare fange opp når dei søkjer etter folk.

Korleis søkjer du? Skriv ein ryddig CV der du beskriv kunnskap og erfaringar som er viktig for den jobben du søkjer på. Fortell gjerne kort om kva du gjer på fritida, og kva du har lært av det. Driv du med lagidrett, er du van med å samarbeide. Er du ein «gamer», kan du vera rask til å lære nye ting og løyse kompliserte oppdrag. Har du passa barn eller dyr, kan du visa til at du tar ansvar og har omsorg for andre.

I tillegg må du skriva ein jobbsøknad som viser kvifor du ynskjer akkurat denne jobben. Om du ikkje har mykje arbeidserfaring, er det ekstra viktig å visa at du er fleksibel. Om du har moglegheit, kan du til dømes skriva at du kan jobba kva tid som helst i sommar og at du ikkje er redd for rutinearbeid. Ein jobb som kan verke kjedeleg, kan opna mange moglegheiter når arbeidsgjevaren blir kjent med deg og ser at du er villig til å stå på.

Syns du det er vanskeleg å skrive CV og søknad? Du er ikkje aleine. NAV kan hjelpe deg, og du treng ikkje vera registrert hos oss. På NAV Jobblyst på Facebook og Snapchat finn du idear og tips om jobbsøking. Her kan du også senda inn CV-en eller søknaden din og få innspel på kva du kan gjera for at den kan bli enda betre. Det er også mogleg å ta kontakt med NAV-kontoret ditt for å få hjelp til CV, søknad og jobbsøking.

Det kan vera lurt å vera aktiv på sosiale medier når du er på jakt etter jobb og følge grupper innanfor det feltet du vil jobba i. Spør familie, venner og kjente om dei veit om nokon som trenger sommarvikar. Kanskje finn du draumejobben ein anna stad i landet? Nokre skaper også sin eigen sommarjobb ved å tilby hagearbeid og hundepass for andre.

Jakta på sommarjobbane er i full gang. Me ynskjer deg mykje lukke til, og ein god sommar når den tid kjem!

Av ungdomskontaktar i NAV region Sunnhordland
Sigrun Økland (Stord)
Carina Jakobsen (Kvinnherad)
Vebjørn Bjørkås (Fitjar)
Kamilla Vetrhus (Sveio)
Grethe Habbestad (Bømlo)
Kristine Trane (Tysnes)