Nettavisa utsett for virusangrep

Natt til fredag blei serverleverandøren til Vestavind utsett for eit virusangrep. Det førte til at nettavisa var utilgjengeleg fram til 13.30-tida fredag.

Det betyr også at ein del av innhaldet som er publisert etter onsdag er vekke. Redaksjonen jobbar med å få på plass, og til dels rekonstruera sakene det gjeld. På tidspunktet er det ikkje mogleg å lasta opp bilder til nettavisa.

Me smørjer oss med tålmod, og beklagar.