ARKIVFOTO
ARKIVFOTO

Om alkoholservering ved Sveio folkebibliotek

Eg ser i Vestavind at Einar Økland trur bokbad med skjenking går fint i Sveio.

Det trur eg òg. Diverre. Problemet er at alkohol, som er vårt største rusproblem, vert snik-innført i stadig fleire sosiale samanhengar, som om det «høyrer til». Etter mitt omdøme gjer det ikkje det. Alkohol er ikkje noko me treng. Det er ei kaloribombe, som er nett det me minst treng. Feitme er eit aukande helseproblem, og nordmenn er feitast i Norden.

Eg har ikkje tal på kor mange timar eg har stått ved operasjonsbord og lappa i hop folk som har skada seg i fylla; men det er ikkje få. Vakt på kirurgisk avdeling natt til laurdag var garantert utan søvn.

Som tilsynslege ved Blåkorsheim har eg hatt nærkontakt med alkoholikarmiljø og sett kor øydeleggjande alkohol er for person, familie og samfunn.

Som militær offiser har eg sett farlege situasjonar oppstå i kombinasjonen alkohol og skarpe våpen, på land og sjø, i inn- og utland.

I alle tilfelle av alkoholisme eg har hatt innsyn i, starta alkoholkonsumet smått og pent i sosiale samanhengar.

Det er rosverdig at bibliotekaren tilbyr aktivitetar som brettspel og rollespel. Eg vonar dette fell i smak, sjølv om hovudfunksjonen til biblioteket framleis bør vere av litterær karakter.

No lever eg i vona om at Sveio kommunestyre innser kor feil det er å tillate alkoholservering på endå ein arena.

Otto Inge Molvær

Førde