vifte vigdartun brann
Fleire idrettar meiner det er for dårleg kapasitet på Vigdartun. FOTO: Arkiv

«Ein skal setje seg mål innanfor realistiske rammer»

Når ein ser på dei ulike kategoriane innanfor kulturindeksen for 2021, er det klart at ein kommune med snaue 6000 ibuarar ikkje kan hevde seg i alle kategoriane.

Eg synast difor det er vanskeleg å gjere meg opp ei bastant meining om denne indeksen, for det er for mange variablar eg synest er uklare og som ikkje eg kjenner meg igjen i når det gjeld den kommunen eg er stolt av, og glad i.

Kulturindeksen for 2021 synest eg er noko misvisande for det flotte kulturlivet som blømer i Sveio.

Det vil eg vise med følgjande døme:

Innan kategoriane Museum, Musikk, Kino og Scenekunst får Sveio null (0) poeng. Maksimal poengsum er teoretisk 100 poeng pr. kategori. Sveio får altså null poeng i 40 prosent av dei totale kategoriane. Det seier seg då at det er vanskeleg å oppnå ei svært god plassering innan denne Kulturindeksen for 2021.

Innan kategorien Museum har Sveio eit formelt samarbeid med Sunnhordland museum, der kommunen kvart år løyver driftstilskot.
Denne avtalen er formalisert og vil for 2023 vere sju kr pr. Sveibu. I tillegg har skulane i Sveio gjennom mange år hatt flotte opplevingar på Sunnhordland museum, enten som besøk på Stord eller at tilsette frå Sunnhordaland museum har vore på vitjing hos skulane i Sveio.
Kjem denne informasjonen fram i Kulturindeksen for 2021, eller er kriteria at me i Sveio må ha eit eige museum registert i kommunen for å få meir enn null poeng?

Innan Scenekunst er det ei særs oppegåande teatergruppe med namn «TeARTig» som set opp kreativ teaterkunst for vaksne med jamne mellomrom.
Sveio skule samlar kvart år heile 10. trinn til kabaret der ein leiger inn profesjonelle instruktørar for å gi eit solid tilbod til ungdomane.
Kjem desse tiltaka fram i Kulturindeksen for 2021, eller må Sveio kommune ha eit eige teaterbygg for å få meir enn null poeng?

Sveio har opp igjennom historia hatt Bygdekino, og då særleg på samfunnshuset i Førde minnast eg med glede. No er det ikkje så vanleg med bygdekino lenger, sidan dei fleste husstandar har breiband og strøymetenester via store TV skjermar. Må Sveio byggje ein eller fleire kinoar, for å få meir enn null poeng i denne kategorien?

Innan musikk ser det ut til at Sveiobuen også slit kraftig. Er det nok at den internasjonalt kjente musikaren Bjørn Berge melder flytting til Sveio, at gruppa «Lystgass» gir ut meir enn 10 CD -ar, at nydeleg musikk gjennom 150 år er blitt formidla gjennom Valestrand Kulturkyrkje, eller at dyktige Ruth Victoria Rømyr frå Sveio gjer musikalsk kometkarriære i Oslo, eller at Fartein Valen ikkje berre har ein heim i Sveio, men får laga eit eige musikkkonservatorium i sitt namn, for at Sveio skal skåre meir enn null poeng i kategorien musikk?

Det er nokon kulturpersonar og organisasjonar som er nemn, men heilt sikkert fleire som er gløymt i mine korte døme der eg freistar å syne litt av alt som skjer i Sveio innan dei kategoriane som kommunen får null poeng i.
Kulturindeksen fell difor inn under kategorien «Hjelp, eg treng merksemd!», og gir næring til gode agurktider midt om vinteren, slik at bladfykar også har noko å gjere som variasjon til julemarknadar, sveionissar, Kommunebudsjett 2023, attval av folkevalte og anna viktig nyhende i ei lokalavis.

Kva kan då gjerast av tiltak? Dersom målet er å hevde seg på denne lista, kan til dømes Sveio byggje eit retteleg stort Kulturhus.

Eit så gigantisk hus som kan romme studio til utøvande kunstnarar, verkstad for kulturarbeidarar innan fleire forskjellige kunstretningar, eige Sveio museum der heile kommunen sin rikhaldige historie og kjenneteikn må vere representert, musikkstudio som kan handsame alle musikksjangrar og plateselskap, minst tre kinosalar, større bibliotek, ein fløy som er dedikert til teatersport, kulturverkstad for barn og unge i samarbeid med kulturarbeidarar, gjerne islett av moderne e – sport.

Alt dette blir finansiert av sentrale tildelingar og frivillige. Med denne satsinga, vil me garantert bli blant dei 200 beste kommunane på lista. Fordeling av ressursar og lokaliseringsdebatt kan vere valkampmateriale i 2023.

Biblioteket i Sveio fekk berre 12 av 100 poeng viser det seg, sjølv om dei i 2021 syner ei fantastisk utvikling og innovative visjonar. Nei, då tenkjer eg ikkje på bading i alkohol og bøker, for det skjedde i 2022.

I tillegg til Kulturhus i ein gjerne litt nedskalert versjon enn den tidlegare skisserte, har eg eit siste tiltak i form av ei oppmoding for å krabbe oppover på Kulturindeksen:

Kjære Åse!

Kan ikkje du flytte heim frå kunstnarlivet i England, slik at Sveio kan gjere eit byks på Kulturindeksen for 2022? Ta gjerne med deg Kåre og bygg noko i heimkommunen din. Me i Sveio kan by på eit rikhaldig kystlandskap som du kjenner godt, og eit flott KulturFyr på Ryvarden som diverre ikkje held mål til å kome inn på lista som eige punkt i Kulturindeksen for 2021, men som heilt sikkert finn plass til ei utstilling av dei flotte bileta dine.

Kulturell helsing Asle – leiar av Hovudutval Oppvekst og Kultur.