Sveio barnehage.
ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Sveio barnehage. ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN FOTO: Irene Flatnes Haldin

Bygging av ny barnehage på tross av overkapasitet?

Forslag til budsjett for kommunen er lagt ut på kommunens nettsider. Der kan ein lesa at rådmannen har lagt inn ei ramme på 43,5 millionar kroner til ny Sveio barnehage i Sveio sentrum. Dette baserer seg på fire avdelingar pluss ein forsterka avdeling for born med særskilte behov. Kostnadar til regulering og erverv av tomt er ikkje tatt med her. Dagens Sveio barnehage er ein 3-avdelings barnehage med plass til 45 barn, og vi snakkar her om ei nesten dobling av kapasiteten.

Me har forståing for at Sveio barnehage er utdatert og har behov for ei oppgradering, men me er bekymra for overkapasitet og at foreldra ikkje får velja barnehageplass ut i frå kor dei bur med ein eigen forsterka avdeling. Eit tilrettelagt tilbod bør alle born få i den barnehagen dei allereie går i slik at dei blir inkludert i det nærmiljøet dei høyre til (jmf. Rammeplanen kap.7).

Det er mykje pengar for ein ny barnehage – særskilt med tanke på at det ikkje er trong for fleire barnehageplassar i Sveio no.  I Sveio er det så langt vi veit 100 ledige barnehageplassar i dei ulike private og kommunale barnehagane – det er med andre ord stor overkapasitet, og store ressursar står ubrukt.

Så lenge det er så mange ledige barnehageplassar i kommunen, lyt ikkje kommunen nytta kr 43,5 millionar på ein ny barnehage. Ta heller i bruk dei ledige plassane som finnast i kommunen pr i dag. Det er dårleg økonomi, dårleg ressursbruk og dårleg miljøvern å byggja noko det strengt tatt ikkje er trong for då det er så mange ledige barnehageplassar i dei andre barnehagane.

Tilskotet er litt lågare til dei private enn kva dei kommunale barnehagar får, då tilskotet til private barnehagar byggjer på 2 år gamle rekneskapstal på kostnadene ved kommunale barnehagar. Om lag 80 prosent av inntektene til private barnehage går til lønn og pensjon. Dette gjer at små svingingar i talet på barn i barnehagen, kan gi økonomiske utfordringar for barnehagane.  Dette kan i neste omgang føre at barnehagane blir ustabile arbeidsplassar.

Me vil oppmoda politikarane til å nytta pengane på noko anna i kommunen enn ein så stor barnehage som det strengt tatt ikkje er trong for.

Ruth Vihovde, Espira Solkroken

Vegard Tollaksen, Læringsverkstedet Ekrene natur- og gårdsbarnehage

Sølvi Engedal, Gjermundshaugen FUS barnehage

Silje Huse, Bua kultur- og friluftsbarnehage AS

Astrid Wallem Hagen, Bråtveit natur- og kulturbarnehage