Ellen Marie Hagevik vert ny redaktør i Vestavind.
FOTO: PRIVAT
Ellen Marie Hagevik vert ny redaktør i Vestavind. FOTO: PRIVAT

Ellen Marie Hagevik vert ny redaktør i Vestavind

Ellen Marie Hagevik (58) tek over som redaktør i Vestavind frå 1. mars i år.

Ellen Marie Hagevik (58) tek over redaktørstolen i Vestavind, etter avtroppande redaktør Torstein Tysvær Nymoen (49).

Ellen Marie Hagevik er opphaveleg frå Os i Hordaland, og busett i Skjold i Vindafjord. Ho er utdanna fotojournalist og har lang erfaring frå mediebransjen. Mellom anna har ho vore journalist, fotograf, vaktsjef, nyheitsleiar og frontredigerar.

Hagevik har mellom anna lang fartstid frå Haugesunds Avis, og dei siste par åra har ho jobba som konsulent ved servicetorget til Vindafjord kommune.

— Kjekt å kome tilbake

I perioden frå februar til august i 2020 var ho vikarierande redaktør i Vestavind, og sentral i etableringa av Vestavind si nettutgåve.

— Eg stortreivst i Sveio og med sveibuane, og det blir veldig kjekt å kome tilbake, seier ho.

No kjem ho altså tilbake til mediebransjen. Og sjølv om det har vore eit opphald, har ho framleis heldt eit auge med lokalavisa i Sveio.

— Eg har følgd med Vestavind, og ser at avisa har fått solid styringsfart med Torstein. Eg skal fortsetje det han har byrja på, og utvikle avisa vidare.

Nøgd styre

Styreleiar i Vestavind, Bent Rune Sinnes, er svært nøgd med tilsettinga.

— Me kunne ikkje ha funne nokon betre enn Ellen Marie til å vere ansvarleg redaktør i Vestavind. Ho kjenner Sveio og Vestavind godt, seier han.

Han fortel at han saman med resten av styret har stor tru på den påtroppande redaktøren.

— Hennar erfaring, arbeidskapasitet og evne til å formidle kjem no igjen Vestavind til gode. Ein særdeles god journalist, seier styreleiar i Vestavind Bent Rune Sinnes.

— Dette blir bra

Hagevik byrjar i Vestavind i midten av februar, og tek formelt over redaktørjobben frå 1. mars. Frå same dato sluttar Torstein Tysvær Nymoen i Vestavind. 49-åringen tek då fått på sin nye jobb som ansvarleg redaktør i avisa Grannar.

Vestavind-redaktøren har fått ny jobb

— Eg vil gratulere Ellen Marie med redaktørjobben i Vestavind, og styret med eit godt val av ny redaktør. Ellen Marie og eg har tidlegare jobba saman i Haugesunds Avis, og eg kjenn ho som ein røynd, dyktig og uredd journalist. Men også som eit medmenneskje med eit stort hjarte. Så dette blir bra, både for kollegaene i Vestavind og for lesarane, seier Nymoen.