Dette prosjektet har kosta mange millioner. Men kvar blei det av sykkel- og gangstien, spør Vidar Høyland i innlegget.
Dette prosjektet har kosta mange millioner. Men kvar blei det av sykkel- og gangstien, spør Vidar Høyland i innlegget.

«Trafikksikring på E 39?»

På veg strekninga nord for Førde til nesten Liereid avkjørsel sør, så har det det siste året vore jobba med utbetring av vegen. Det har vore jobba døgnet rundt enkelte gongar, og mange tusen arbeidstimar har blitt lagt igjen.

Det har blitt mange kolonnekjøringer for dei som har køyrt på dagtid, til mange sin frustrasjon. Men gulrota er at det blir bedre når vegen er ferdig. Strekninga har blitt planlagt å få jevna nokre svingar, sprengt vekk nokre knausar, satt opp gatelys og bredda vegen med rumlefelt.

Dette prosjektet har kosta mange millionar. Men kvar blei det av sykkel- og gangstien? Jo, det er visst klargjort for den. Det høyres fint ut, men hjelper ikkje. Kvifor blir gatelys prioritert, framfor mjuke trafikanter? Er det nokon som har sove i timen når dette var på teiknebrettet? Eller er det pilkast eller trilla terning-metoden for kva som skulle bli?

Er vel å ta litt godt i å kalla det trafikksikring i alle fall, og å forklara det til dei som sykler der. Det er vel meir riktig å bruka ordet ekstremsport, om en vågar å benytta sykkel eller gå her.

Og over der som sykkel- og gangstien er “klargjort” for, så har dei kosta på seg eit jevnt lag sand med flott sikta jord oppå. Dette er i snitt 3 til 8 meter breitt på kvar side av vegen i ein strekning på 2.800 meter. Her har det og blitt sådd grasfrø for å få det fint til sommaren.

Denne delen av kommunen har den høgaste andel av hjort og viltpåkøyrsler. Hjorten vil jo ha det nyaste og beste graset, som dei fleste bønder veit. Det vil bli garantert mange fleire hjorteviltpåkøyrsler etter dette trafikksikringstiltaket med nysådd gras som ser så fint ut. På Os har dei merka stor auke av viltpåkøyrsler etter at dei laga fine plenar langs vegen. Er det trafikksikring å så gras inntil vegen?

Det er berre 3 strekningar i kommunen som manglar sykkel- og gangsti for at mjuke trafikanter kan ferdast uten å måtta sykla på hovudveg frå Valevåg til bygrensa mot Haugesund. Då er det ufatteleg synd at når dei legge så mange millionar i eit prosjekt, ikkje prioriterer dei mjuke trafikantane. Å legga den stripa med asfalt langs med vegen, i staden for mold og grasfrø, kan vel ikkje vera så stor forskjell.

I alle fall ikkje om ein hadde kutta ut annakvart gatelys og lagt pengane i asfalt til dei mjuke trafikantane. Då er det også litt frustrerande når det blir prioritert gatelys på ei strekning der det er bilar som køyrer og ikkje ha sykkel og gangsti. Som dei fleste veit, så har bilar påbod om å ha lys på… Men nå blir det lys på graset til hjorten, heilt til den blir skremt og du får den i frontruta. Er dette trafikksikring?

Vidar Høyland
Leiar i Sveio Jakt, Fiske og Naturvernforening