Gjennom fleire år i lokalpolitikken har vi for lengst forstått at det i hovudsak er to typar politikarar i vår kommune — dei som vil noko, og dei som ikkje vil, skriv Skimmeland og Erve. ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET

«Ny kommunal barnehage i Sveio sentrum»

Sveio Ap har over fleire år arbeidd for å få på plass ny kommunal barnehage i Sveio sentrum. Ny barnehage vil sikre ein framtidsretta barnehage til erstatning for ein om lag 40 år gamal barnehage. Kommunen vil spare pengar, og ein ville sikre ein moderne barnehage som ville vært eit trekkplaster for å få fleire til å busette seg i kommunen. I tillegg vil ein kunne nytte eigedomen og byggmassen til dagens barnehage til habiliteringa. Igjen ville kommunen spare pengar.

Formannskapet ble i møte den 20. mars d.å. presentert for sak som gjeld ny kommunal barnehage i Sveio sentrum. Rådmannen hadde her i saka presentert skisser og kostnadsoverslag. Endeleg skulle ein få høve til å gje grønt lys til å få utarbeidd anbodsdokument og med det sikre ein god og forsvarleg progresjon for prosjektet i samsvar med rådmannen sitt framlegg til vedtak. Sveio Ap stemte for rådmannen sitt framlegg i møte.

Dessverre valde fleirtalet i formannskapet det motsette:

Formannskapet godkjenner ikkje skisser eller prosess, slik det ligg føre per i dag.
Saka sendast tilbake til rådmannen. Rådmannen bes bestrebe å løyse kommunestyrets vedtak INKLUDERT punkt 2 i henhald til intensjonane  i PKT KOMvedtak2. Det er ønskeleg at ressursbruken knytt til planlegging blir redusert til eit minimum gjennom førespurnad / bruk av «hyllevarebarnehagar» frå dei største leverandørane, framfor eigenutvikla løysingar i kommunal regi. Dette vil kunna redusera ressursbruk og gi kortare realiseringstid. Behov for avklaringar i forhold til forventingsoppfølging takast med formannskapet før saka igjen fremmast politisk.
Ramma blir halden uendra.
Kommunestyret vedtar at ein startar eit skisseprosjekt med utredning av prosjekt med nye bustader til habilitering på tomta i Åsvegen. Det takast sikte på å kome tilbake til politisk nivå med dette i siste møteserie 2023.

Nok ein gong står Sveio Ap åleine som det partiet som genuint vil noko, som søker progresjon i viktige prosjekt og med det viktig utvikling av kommunen til beste for innbyggjarane. Enkelte av dei andre politikarane sitt grunnlag for å trenere dette viktige prosjektet synes mest oppkonstruert kor vikarierande argument blir fremja som grunngjeving. Sveio Ap er ikkje eit parti som alltid skal snu kvar ein stein ikkje berre ein gong, men opptil fleire gonger. Ja, alle har vel høyrt ordtaket om hesten som døyr medan graset gror.

Gjennom fleire år i lokalpolitikken har vi for lengst forstått at det i hovudsak er to typar politikarar i vår kommune — dei som vil noko, og dei som ikkje vil. Blant dei politikarane som ikkje vil, er det igjen to kategoriar: dei som seier dei ikkje vil og meiner det, og dei som seier dei vil men som ikkje meiner det.

Det er alltid lett å trykke på bremsen, og vise til kommunens økonomi, misnøye med korleis dei politiske prosessane har vært gjennomført, ynskje om å samla eit størst mogleg fleirtal for ei sak, og ikkje minst at det alltid er mogleg å slenge inn ei «viktigare» sak frå sidelinja. På den måten får vi knapt gjennomført noko som helst. Alt står i stampe, og kommunen kastar bort verdifulle ressursar.  Dette gjeld spesielt større investeringsprosjekt. I det heile meiner vi at politikarane i Sveio kommune jamnt over viser mindre god gjennomføringsevne.

Det er val om nokre få månader. Spørsmålet blir då om veljarane i Sveio kommune vil ha politikarar som genuint ynskjer utvikling, eller om ein heller vil gå baklengs inn i framtida og snubla på vegen.

Håkon Johnsen Skimmeland og Linn Therese Erve,
formannskapsrepresentantar for Sveio Ap