Sveio KrF ønskjer å gi Sveio barnehage ei kraftig oppgradering der den er, skriv Jarle Jacobsen. FOTO: PRIVAT
Sveio KrF ønskjer å gi Sveio barnehage ei kraftig oppgradering der den er, skriv Jarle Jacobsen. FOTO: PRIVAT

«Sveio KrF om ny Sveio barnehage»

Gir du di stemme til Kristeleg Folkeparti ved valet, skal me gjera det som står i vår makt for å få oppgradert Sveio barnehage og barnehagen på Valestrand oppvekstsenter — i staden for å svi av millionar på ein ny barnehage me ikkje har bruk for.

Det er per i dag 157 ledige plassar og fallande barnekull i kommunen vår. KrF meiner at det derfor blir heilt feil bruk av våre felles pengar å prioritere minst 43 millionar på ein ny barnehage i sentrum. Det finst heller ingen reknestykke som kan visa at ei slik investering er lønnsam nå som dei forventa fødselstala går ned.

Likevel, KrF var det einaste partiet som stemte mot eit nybygg.

Her er det me vil jobba for:

Den kommunale barnehagen i Sveio sentrum blei bygd i 1989, på ei av dei flottaste tomtene — med egen skog og ein lun solrik uteplass. Mange barn hatt ei god tid her. Det kan dei framleis få.

Sveio KrF ønskjer å gi Sveio barnehage ei kraftig oppgradering der den er. Det trengst gjerast ein heil del. Det bør byggast nye garderobar, toalett, vognskur og ny parkeringsplass slik at det blir trygt både å hente og levere. Tomta bør utnyttast maksimalt, gjerdet kan flyttast nærare tomtegrensa. For eksempel kan det bli plass til ei  overbygd grillhytte (slik som hos Bua kulturbarnehage) i det søraustre hjørnet mot sentrum.

I eit miljøperspektiv er det svært uheldig å riva eit stort barnehagebygg frå 1989.

I tillegg til å oppgradera Sveio barnehage, ynskjer me å rusta opp barnehagen på Valestrand oppvekstsenter — både inne og ute.

Det blir argumentert for at habiliteringsavdelinga i kommunen ønskjer seg tomta til Sveio barnehage, men dette er ikkje noko som har vore behandla politisk.

Jarle Jacobsen,
ordførarkandidat Sveio KrF