Svein Magne Vikse var den første som fekk Vestavind sin sommarbukett i fjor. Her framføre inngangen til ein av turstiane han har laga på Vikse. ARKIVFOTO: GUNNHILD LØNNING
Svein Magne Vikse var den første som fekk Vestavind sin sommarbukett i fjor. Her framføre inngangen til ein av turstiane han har laga på Vikse. ARKIVFOTO: GUNNHILD LØNNING

Send inn forslag til sommarbuketten!

Sommarbuketten blei så populær i fjor at me gjentar den i år. Kven meiner du fortener ein sommarleg bukett og intervju i Vestavind?

For dei som blir plukka ut blant lesarane sine forslag, får ikkje berre ein sommarbukett sett saman av Sveio Blomster og Gaver, dei skal også intervjuast. Då må me ligga litt i forkant for å kunna presentera den første sommarblomstmottakaren i Vestavind 8. juni.

Sveio er full av privatpersonar som bidreg på ulike vis med frivillig innsats for at andre i nærmiljøet skal ha det bra. Kjenner du ein eller fleire gode kandidatar, send inn forslag allereie no!

Skriv kvifor vedkommande fortener ein sommarbukett. merk e-posten med «Forslag sommarbukett» i emnefeltet og send den til tips@vestavind-sveio.no. Eller ring oss på telefon 53 74 01 80.

Det verdfulle arbeidet Svein Magne Vikse utrettar for lokalsamfunnet, gjorde han til Vestavind sin første mottakar av sommarbuketten i fjor. Han kan du lesa om i saka under. I faktaboksen «Sommarbuketten» finn du også lenke til alle som fekk bukett i fjor.

Svein Magne premiert for verdfull innsats

Sommarbukett i 2022

Desse fekk sommarbukken i i fjor:

  • Svein Magne Vikse
  • Reidun Johanne Haukås
  • Hanne Margrethe Ingebrigtsen
  • Tor Inge Flåten
  • Gunnar Osmundsen
  • Harry og Laila Lie
  • Helge Matre
  • Marco Thomas
  • Elisabeth Hauge Bakke
  • Hjørdis Kallevik

Les om alle mottakarane her.