Sveio-seniorane kom til dekka bord med porselenstallerkar, sølvbestikk, ville blomar og levande lys. FOTO HELGE MATRE
Sveio-seniorane kom til dekka bord med porselenstallerkar, sølvbestikk, ville blomar og levande lys. FOTO HELGE MATREBilde 1 av 5
Omnshuset rommar 60 omnar. Dei to største er kyrkjeomnar omtrent tre meter høge. FOTO: HELGE MATRE
Omnshuset rommar 60 omnar. Dei to største er kyrkjeomnar omtrent tre meter høge. FOTO: HELGE MATREBilde 2 av 5
Besøket starta med omvisning. FOTO: HELGE MATRE
Besøket starta med omvisning. FOTO: HELGE MATREBilde 3 av 5
Etter omvisning blei det servert kyllingsuppe og heimebaka rundstykke. FOTO: HELGE MATRE
Etter omvisning blei det servert kyllingsuppe og heimebaka rundstykke. FOTO: HELGE MATREBilde 4 av 5
Ein del av seniorane besøkte dyreparken. FOTO: HELGE MATRE
Ein del av seniorane besøkte dyreparken. FOTO: HELGE MATREBilde 5 av 5

Seniorar på tur til Huglo

8. mai sette om lag 40 Sveio-seniorar kursen mot Huglo og Omnshuset der.

I privatbilar kjørte me mot Jektevik der ferja tok oss over til Nord-Huglo. Frå ferjekaien var det bare ein liten spasertur til Omnshuset.

Vel framme ved målet blei me ønskte velkommen av eigaren, Eline Bergaas Bruntveit. Ho viste oss inn i huset som romma om lag 60 omnar. I dei to største, to kyrkjeomnar omlag 3 meter høge, hadde ho fyrt.

Det var godt og varmt i rommet, så det var nydeleg å komma innomhus. I mange av dei andre omnane brann levande lys. Og midt i rommet hadde ho dekka bord med porselenstallerkar, sølvbestikk, ville blomar og levande lys.

Funne bak løer og uthus

Eline kunne fortelja at mannen hennar hadde bygd huset, og at han hadde funne mange av omnane bak løer og uthus. Der var dei blitt liggjande etter at folk fekk elektrisk straum midt på 50-talet. Omnane var sette i stand og svært fint vedlikehaldne.

Her var leikeomnar, meir kjende omnstypar og ikkje minst steikeomnar. Dei siste førte til store endringar for husmora då dei blei tatt i bruk. Då gjekk det an å ha fleire gryter på kok på ein gong, og ein kunne steikja både brød og kaker.

Etter omvisning og orientering fekk me servert kyllingsuppe og heimebaka rundstykke. Kaffi i porselenskoppar og heimebaka kringler og formkaker høyrde også med til trakteringa. Alt utstyr og all mat blei frakta i ei handkjerre mellom våningshuset og Omnshuset.

Bronsealdergraver og dyrepark

Dei som ønskte å få med seg meir enn måltid og omvisning i Omnshuset, valde anten tur til bronsealdergrava eller dyreparken. Begge gruppene fekk ei fin oppleving.

Før ferja tok oss tilbake frå dette «lite kjende utfluktsmålet», samlast me nede på Huglabua der mange kjøpte is, nokre sommarblomar eller ein kopp kaffi. På plakatane her nede kunne me lesa at det var mange ting å vera med på for dei 70-80 personar som framleis bur fast på denne delen av Stord kommune.