Me vil heller kjenna lukta av gull enn lukta av bensin. Og gullet er vår uerstattelege natur, skriv Kjartan Moe Hustvedt.
Me vil heller kjenna lukta av gull enn lukta av bensin. Og gullet er vår uerstattelege natur, skriv Kjartan Moe Hustvedt. FOTO: Privat

«Ja takk til pengane og asfalten»

Planane for ein ny, firefelts motorveg gjennom Sveio er under utarbeiding. Eit 23 meter breitt, fleire mil langt stykke asfalt. Eigentleg, om ein tar med sikring på kvar side av vegen, blir det eit 40 meter breitt, fleire mil langt skår i urørt natur, matjord og rett gjennom hustomtene til sveibuen.

Planleggingsleiar for Statens vegvesen seier i Vestavind at reisetida mellom Bergen og Stavanger blir redusert frå fem til to timar. Då kan ein visst dagpendla til dei store byane i 110 kilometer i timen saman med 18.000 andre bilistar som dundrar gjennom kommunen vår.

MDG Sveio seier nei takk til ny E39, men ja takk til pengane og asfalten. Då kunne me ha utbetra eksisterande E39. Asfaltert og oppgradert fylkesvegane våre. Laga gong- og sykkelsti mellom bygdene og inn til skular og samfunnshus. Kan hende hadde me hatt pengar og asfalt til overs, slik at me kunne laga ein samanhengande gong- og sykkelsti frå Tittelsnes fort til nabofylket i sør?

Skrinlegg ny trasé med fire felt. Lag trygge vegar for sveibuen. Lag trygge vegar for dei 807 skuleelevane våre, og då særskild dei 355 som ikkje har innvilga transport med Skyss, men gjerne går eller syklar til skulen heile året. Gjer det lett å velja beina eller sykkelen framfor bilen når ein skal til og frå trening eller fritidsaktivitetar. Trygge vegar til dei som bur her, veks opp her og flyttar tilbake hit i vaksen alder.

Sveibu med bulyst.

Kjartan Moe Hustvedt,
førstekandidat Sveio MDG