Forslaget er på ein måte ein Flokehytte-variant, som er det beste dømet på korleis forslaget er tenkt gjennomført, skriv Lars Einar Hollum. ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Forslaget er på ein måte ein Flokehytte-variant, som er det beste dømet på korleis forslaget er tenkt gjennomført, skriv Lars Einar Hollum. ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESETBilde 1 av 2
Skisse til korleis ei tomt både kan vera naust og fritidsbustad.
Skisse til korleis ei tomt både kan vera naust og fritidsbustad.Bilde 2 av 2

«Naust ute — fritidsbustad inne?»

I Sveio er det å overnatta i naustet sitt ulovleg, og det å få bygd seg ei rorbu er bortimot umogleg. Bakgrunnen for dette er staten sin store uvilje mot å privatisera strandsona. Alle skal få ferdast fritt i strandsona. Derimot har ikkje staten så veldig i mot at me overnattar i nausta, dersom dette ikkje er til hinder for fri ferdsel i strandsona.

Underteikna sit i styringskomiteen som jobbar med nye kommuneplan for Sveio. I sist møte la eg fram følgjande forslag om denne problematikken. Kan ei tomt ha fleire føremål innanfor sitt areal?

Kunne ein til dømes innanfor naustområde i Sveio, der teknisk infrastruktur ligg til rette (veg, parkering i nærleiken, straum, vatn og avløp), ha lagt inn to føremål innanfor kvar tomt. «Fritidsbustad» for «innsida» av bygget, og «naust/brygge» for «utsida» av bygget og tomta?

Ein vil då kunna ha eit bygg, som du lovleg kan overnatta i, samstundes som ein ikkje privatiserer/låser strandlina for ålmenta.

Forslaget er på ein måte ein Flokehytte-variant, som er det beste dømet på korleis forslaget er tenkt gjennomført. Her kan du storkosa deg inne, medan kven som helst kan spasera rundt hytteveggen.

Så står det att å sjå korleis forslaget blir behandla av administrasjonen og i samtalar med Statsforvaltaren.

Lars Einar Hollund
Sveio Høgre