Asle Georg Halleraker
Asle G. Halleraker
Tverrpolitisk Fellesliste
Eg ynskjer sterkt at ein skal ha ein like høg standard og kvalitet i den kommunale barnehagen i sentrum som hos dei store private barnehagane, skriv Asle Halleraker. FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET

«Ein merkedag for barnehagesatsinga i Sveio»

Måndag 12. juni kan bli ein merkedag for barnehagesatsinga i Sveio kommune. Då kan kommunestyret seie ja til å bygge ny barnehage i Sveio sentrum, dersom fleire enn 13 representantar viser vilje til dette.

Det er dessverre slik at barnetalet i heile kommunen går ned. Ei slik utvikling er svært uheldig. Det er difor viktig at ein ikkje bygger ein altfor stor kommunal barnehage no, for me må ta inn over oss det faktum at det kan gå mot ein nedgang i nyfødde sveibuar.

Det er difor svært gledeleg å sjå at fleire parti ynskjer å erstatte den gamle Sveio barnehage med ein ny Sveio barnehage i sentrum utan at ein no skal auke kapasiteten. Me skal spele på lag med alle aktørane innan barnehagedrifta og gjere kvarandre gode.

Hovudsynspunktet mitt er at eg unner borna og dei tilsette i Sveio barnehage like gode rammevilkår, driftløysingar og lokaler som ein har i til dømes Espira Solkroken på Ekrene eller Gjermundshaugen FUS barnehage i Sveio sentrum, som begge har store profesjonelle barnehagekonsern i ryggen som samla sett har henta ut betydelege inntekter til sine konsern dei siste åra. Eg ynskjer difor sterkt at ein skal ha ein like høg standard og kvalitet i den kommunale barnehagen i sentrum som hos dei store private barnehagane. Me må løfte kvarandre og spele på lag med kvarandre, uansett om borna går i ein privat eller ein kommunal barnehage.

Difor vil eg bygge ein ny kommunal barnehage i sentrum for å by også dei borna eit topp moderne og framtidsretta lokale.

Barnehage + habilitering = sant

Eg synest samstundes at det no er svært viktig å få ei sak på korleis me kan bu oss på framtida for dei menneska som treng habilitering og tilpasningar i sin kvardag. Det er lurt å sjå bygging av ny barnehage i samanheng med nye bustadar for habiliteringa. Det er difor ein god idé frå Frp å tenkje ombruk av lokala til Sveio barnehage og be om ei sak frå rådmannen der ein ikkje riv alt, men der ein ønsker å nytte dei delane av bygningsmassen som er bra til bustadar innan habilitering. Då vil ein både kunne samle habiliteringstenestene innan eit avgrensa flott geografisk område, og byggje om i tillegg til heilt nye lokalar for habiliteringa.

Når ein driv med politikk er det særs viktig å sjå heilskapen meir enn berre detaljar og fragment, og på måndag har dei folkevalte i Sveio kommune ein gyllen sjanse til å sjå heilskapen i drift av viktige kommunale tenester som barnehage og habilitering til det beste for dei som bur i Sveio.

Asle G. Halleraker,
uavhengig representant i kommunestyret