Me er glade for at alle i kommunestyret er einige om at me skal bygge ein ny kommunal barnehage i sentrum, skriv Linn Therese Erve (Ap). ARKIVFOTO: TORSTIEN TYSVÆR NYMOEN
Me er glade for at alle i kommunestyret er einige om at me skal bygge ein ny kommunal barnehage i sentrum, skriv Linn Therese Erve (Ap). ARKIVFOTO: TORSTIEN TYSVÆR NYMOEN

«Ny kommunal barnehage i Sveio sentrum»

Måndag denne veka hadde me siste kommunestyremøte før ferien. Eit møte med mange viktige saker, blant anna ny kommunal barnehage i sentrum. Dette er ei sak Arbeiderpartiet har jobba godt og målretta mot, av fleire årsaker:

Lokalet i eksisterande barnehage er langt i frå god nok. Dei treng klart betre forhold, betre arbeidsforhold for dei tilsette og betre forhold for barna som går der.

Me tenker heilskap, ein ny stor kommunal barnehage vil kunne auke det økonomiske handlingsrommet vårt på dette område. Det gjer at me kan drifte meir effektivt.

Ein ny barnehage med gode lokalitetar vil bidra til å gjere oss meir attraktive.

Me har eit ønske om å bruke tomt og bygningmasse ved eksisterande barnehage, som er viktig i eit klima og miljø perspektiv.

I utgangspunktet kunne Arbeiderpartiet gått for rådmannen sitt framlegg, ein 4-avdelings barnehage i tillegg til ein forsterka avdeling med inntil 6 barn. Me er oppriktig opptatt av, og engasjert i, gode oppvekstvilkår i Sveio og god utvikling. I tillegg er me eit parti som er genuint opptatt av at me står sterkare når me i kommunestyret lyttar til kvarandre, og sikrar ein god dialog, og ei brei forankring.

Denne saka har skapt debatt, og eit samla kommunestyret gjekk inn for at me skal gå vidare med anbodsprosess for ny barnehage, rett nok med tilsvarande kapasitet som den me har i dag. Me støttar det, og er glade for at alle i kommunestyret er einige om at me skal bygge ein ny kommunal barnehage i sentrum. Det blir bra for dei tilsette, for rekruttering, for barna.

Så er me glade for at det i vedtaket er tatt med ein framtidig plan for muleg utviding av barnehagen i tildelingskriteriene. For me er optimistisk for framtida, at barnetalet vil gå oppover.

Alt i alt – ei god sak for Sveio si framtid.

Linn Therese Erve,
på vegne av Sveio Arbeiderparti