Pride-flagget vaiar i Sveio sentrum. ARKIVFOTO: GUNNHILD LØNNING
Pride-flagget vaiar i Sveio sentrum. ARKIVFOTO: GUNNHILD LØNNING

«Ta til gatene – feir kjærleiken»

På laurdag vert gatene i Haugesund fylde med glade menneske, fargar og ikkje minst enorme mengder kjærleik! Eg gler meg, for saman med familie og vener skal me nyte varmen frå både sola og alle dei feststemte menneska som kjem saman for å feira likeverdet, eit inkluderande samfunn og ikkje minst kjærleiken.

For snart eit år sidan vakna me til meldingar om ei terrorhending i Oslo retta mot det skeive miljøet. Ei grufull handling som drap to menneske, skada 24, og sette ein støkk ikkje berre det skeive miljøet, men også i familiane og vennene deira. Det er viktigare enn på lenge at me i år støttar opp om Pride-markeringane som vert arrangert rundt oss. Ved å gjere dette kan me syne vår støtte til kjærleiken, og ta avstand frå vald og terror.

For meg er Sveio den tryggaste plassen på jord, og har alltid vore det. Her er eg omringa av menneske som er både varme, rause og inkluderande. Eg håpa at fleire enn meg kjenner på dette, og vil vera med å gjera Sveio til ein kommune der ein føler seg trygg. For utfordringa er nettopp der, å sikre at ein er trygg i lokalsamfunnet. I rapporten «Skeiv på Bygda» frå 2015, syner den korleis homofile og lesbiske så å seie kjenner seg tvinga til å flytte til byane for å finne aksept og eit miljø dei kan vera seg sjølv i. Eg håpar at Sveio ikkje er ein kommune ein vil ynskje å flytta frå, heller tvert om – her skal ein ynskje å flytta til!

Eg invitera deg difor til å ta del i Pride-markeringa som finn stad i Haugesund på laurdag, ei fantastisk feiring av kjærleiken! Men det er viktig å hugse på at den viktigaste jobben er likevel den me gjer alle dei dagane det ikkje er Pride, det vil seie heile året. Ved å gjere dette bidreg me alle til at Sveio vert ein kommune som gjev moglegheiter for alle!

André Mundal Haukås,
stolt sveibu og ordførarkandidat for Høgre