ARKIVFOTO: KRISTINE THORKILDSEN/SVEIO KOMMUNE
ARKIVFOTO: KRISTINE THORKILDSEN/SVEIO KOMMUNE

«Regjeringa styrkjer skulebiblioteket i Sveio»

30 kommunar får totalt 25 millionar kroner av regjeringa til skulebibliotek. Pengane skal styrkja skulebiblioteka som ein inkluderande og sosial arena som legg til rette for leseglede. I år er tilskotsordninga styrkt.

Målet med tilskotet er å styrkja arbeidet til skulebiblioteka med leseferdigheiter og leseglede, og auka kompetansen til lærarane i pedagogisk bruk av biblioteka.
Tilskotet skal også bidra til at skulebiblioteka blir ein integrert del av det heilskaplege pedagogiske tilbodet til skulen og ein inkluderande arena som tek omsyn til dei ulike føresetnadene barn og unge har. Tilskotet er forvalta av Utdanningsdirektoratet

Regjeringa har også starta arbeidet med ein eigen leselyststrategi som skal skapa ein betre lesekultur hos barn og unge. Leselyststrategien skal vera ferdig i 2024.

Skulebibiblioteket er ein viktig arena for å fremme leseglede. Desse midlane frå regjeringa er eit viktig bidrag som er med på å styrke Sveio kommune sine barn og unges lesedugleik og leseglede. I tillegg vil det gi rom for å legge til rette for eit betre bibliotektilbod til våre flyktningar.

Linn Therese Erve

Ordførarkandidat for Sveio Arbeiderparti