Monica Vandaskog Valen (Sp).
ARKIVFOTO: PRIVAT
Monica Vandaskog Valen (Sp). ARKIVFOTO: PRIVAT

«Nyskapande aktivitetsanlegg»

Formannskapet har fått presentert ei skisse av korleis ein kan bygge om Vigdartun som ein innbydande og framtidsretta kultur- og idrettsarena.

Det er blitt gjennomført ein kartleggingsprosess av nyskapande aktivitetsanlegg i kommunen. Målsettinga for eit aktivitetsanlegg skal vera målretta satsing, lokale møteplassar, variert, attraktivt og lågterskel.

Det er sikkert fleire som har lyst å byggje ny flott idrettshall, men slik Sveio Senterparti ser på saka så er det viktig å vurdere om ein har behov for eit slikt bygg og om ein har økonomi til å byggje og drifte det. 

Uti frå kartleggingsprosessen så er det god kapasitet på Vigdartun til den idretten som blir arrangert der. Det viser blant anna at nokre aktivitetar beslaglegg mykje areal over lengre tid for svært få utøvarar. Det vil sei at areal/ time pr. person er svært høg. For eksempel så er det 20 personar som bruker heile idrettshallen (alle tre deler) i tre timar.

Hovudmålet med prosjektet er at ein skal bygge for den organiserte idretten samtidig som ein har fokus på eigenorganisert fysisk aktivitet og dei som ikkje er organisert i idretten. Det skal vera eit bygg som er retta for barn, unge, vaksne og eldre. Det skal auke sambruken mellom anlegga. Eksisterande bygningsmasse og nybygg skal kunne fungere saman med framtidig badeanlegg og eventuelt andre hallar.

Når kartlegginga fortel at ein kan oppnå god hallkapasitet, eit framtidsretta kultur- og idrettsanlegg og gode møteplassar med ombygging og litt påbygging av Vigdartun. Senterpartiet synes det er viktig at ein tar vare på den bygningsmassen ein har samtidig som ein tenker utvikling av Sveio kommune.

Sveio Senterparti

Ordførarkandidat Monica Vandaskog Valen