Arne Valen kjem med kritikk av dei nye kosthaldsråda.
ARKIVFOTO: EINAR VESTVIK
Arne Valen kjem med kritikk av dei nye kosthaldsråda. ARKIVFOTO: EINAR VESTVIK

«Gode råd er dyre»

Dei nye nordiske kosthaldsråda er triste greier. Mange har reagert med rette på at råda seier at ein ikkje skal eta meir enn 350 gram raudt kjøt i veka.
Du bør ete 300-450 gram fisk i veka, 500 – 800 gram grønsaker, vel lette produkt av mjølk, ost og youghurt. 4 koppar kaffi til dagen er greitt.

Dei nye kosthaldsråda skal for første gong vurderast ut frå miljø- og klimaeffekt saman med helseeffektane. Dette arbeidet er leia av folk med ernæringsbakgrunn. Ein av dei som har vore med i å utvikla råda, Audun Korsæth, er forskar på berekraft, men han trekte seg frå arbeidet.

Han meiner ernæringsfolk har bidrege med artiklar på eit fagfelt dei ikkje kan. Han seier til Morgenbladet at berekraftsråda er overflatiske, naive og villeiande.
Det er ikkje slik at me et mindre frukt og grønt enn før. Me et nemleg over dobbelt så mange kilo med frukt og grønt no til dags som me gjorde på 1950-talet.

Meir enn halvparten av jordbruksarealet i Noreg er berre eigna til å dyrka gras på. Me har i tillegg mykje utmark. For å kunna gjere dette om til mat treng me beitedyr. I produksjonen av kjøt, mjølk, egg og ost er me mykje godt sjølvforsynt.
Forbruket av kjøt frå drøvtyggarane, som omdannar gras til menneskemat, har ikkje auka mykje som til dømes Sirin Stav i MDG seier. Forbruket av kjøt frå ku, sau og geit har vore stabilt sidan 70-talet. Auken i kjøt kjem mest innan kylling og svin.
Kvifor blir då kjøt frå grasetande kyr gjort til eit stort problem?

Kjøt, mjølk, egg og ost er viktige landbruksprodukt for vår matberedskap. Ein kan ikkje bruka det same arealet til plantekost og få nok næringsrik mat.
Skal eg heller laga meg linsesalat til lunsj i dag, slik dei nye kosthaldsråda seier, enn å eta eit par brødskiver med fårepølse laga i Vestland fylke? Synd då at Noreg produserer lite belgfrukter. Dei kjem på konteinarskip frå Canada driven av dieselolje.

Dei nye nordiske kosthaldsråda skal danne bakgrunn for våre nye nasjonale kosthaldsråd som kjem i 2024. Vil folk ha tillit til våre helsemyndigheiter når dei er infiltrert av miljøvernarar og veganarar? Gode råd er dyre.

Arne Valen
2. kandidat til kommunevalet
Sveio Senterparti