Arne Tveit Katla fotografert på talerstolen i 2016, då han var folkevald i kommunestyret.
ARKIVFOTO.
Arne Tveit Katla fotografert på talerstolen i 2016, då han var folkevald i kommunestyret. ARKIVFOTO.

«Motorsportanlegg i bakgarden?»

Samtidig er det i god avstand til de nærmeste naboene, slik at vi unngår støyproblematikk, sier Langåker.

Slik avsluttar styreleiar John Magne Langåker i saka Haugesunds Avis 29.6 har om Fjord Motorpark (FMP) sine planar om å etablera eit stort motorsportanlegg i Sveio.
Dette kan i beste fall karakteriserast som ein kreativ definisjon av omgrepet “god avstand”.

Frå dei næraste husa på bustadfeltet Fjellstad er det 400 meter til det tiltenkte anlegget. Dette vil sjølvsagt medføra mykje støy for desse. Skal ein prøva å få folk med seg på slikt, må første bod vera å servera noko som er i nærleiken av sanninga.

Og i kommentarfeltet til saka på Vestavind si Facebook-side fleskar FMP til med følgjande:
– Det blir ikkje enkelt å få til noko i Sveio om ein ikkje kan ta i bruk nytt areal.

Ærleg talt FMP, slik argumentasjon fordummar debatten. Alle veit at dersom noko skal byggjast, så treng ein areal til å byggja det.
Spørsmålet her er jo kva areal ein vil nytta, og å byggja eit stort motorsportanlegg med mykje støy i bakgarden til eit stort bustadfelt blir heilt feil.

Anlegget er tenkt kloss opp i Fjellstad, men Krossleite er heller ikkje langt unna, halvannan km i gangavstand. Og står du i krysset Fjellstad/Paddevegen ser du heile sentrum som viser seg fagert framføre deg. Det blir heller ikkje støyfritt bort dit.

Nærleiken til bustadfelt er nemnt, men ein må også vera klar over at dette området og områda rundt er mykje brukte rekreasjonsområder for turgåarar og mosjonistar.

Eg skal ikkje her komme med alternative lokasjonar, det tenkjer eg må vera opp til FMP å sjå på. Motorsportanlegg har eg ingenting i mot. Klarer ein å finna ein plass i Sveio der dette lar seg realisera med tanke på kjøp av eigedom, støy og naturinngrep, er det flott.

Dette er ei sak som kjem til å rulla ei stund, men på eit tidspunkt må politikarane ta eit val. Til hausten er det kommunevalg. Eit spørsmål eg vil stilla listekandidatane er kva standpunkt dei tek i denne saka. For dette dreier seg rett og slett om livskvalitet i kvardagen for mange.

Arne Tveit Katla

Nedre Fjellstad 34