Åtte ordførarkandidatar frå Høgre om kvifor Hordfast er viktig.
Åtte ordførarkandidatar frå Høgre om kvifor Hordfast er viktig.

«Dette betyr Hordfast for framtida til dei åtte kommunane i Sunnhordland»

Hordfast representerer eit vegskilje som vil forandre Sunnhordland som region for alltid. Hordfast vil vere vår veg til framtidig utvikling, vekst og knoppskyting. Mogelegheitene som kjem ved å bli knytta tettare saman er ein sjanse me ikkje kan la gå frå oss. Me presenterer her korleis dei enorme ringverknadene frå Hordfast vil forme framtida til dei åtte kommunane i Sunnhordland.

Eit Tysnes med Hordfast blir ei heilt ny tid. Eit Tysnes med Hordfast blir ein kvardag utan avgrensingane ferjesambanda legg på oss. Det blir ei tid der vegane våre er opne døgnet rundt – ikkje berre dei augneblinka ferja går frå kai. Den effektive reisetida Hordfast gir betyr betre tilgang på helsetenester, utdanningsmogelegheiter og kulturelle arrangement for tysnesingar. Dørene for auka næringsverksemd og nye arbeidsplassar opnar seg når me blir del av ein større bu- og arbeidsregion.

I år 2000 opna Trekantsambandet og Bømlo vart landfast. Dette vart ein revolusjon for kommunen vår, og er nok den største hendinga i moderne tid. Bømlo er ein kommune med aukande folketal med eit sterkt og fremoverlent næringsliv som ser ut og framover. Med Hordfast vil Bømlo bli ein svært attraktiv kommune for næringsliv og innbyggjarar å etablere seg i. Skal me skape  vidare vekst og utvikling i Sunnhordland så må me kjempe for det viktigaste samferdselsprosjektet på Vestlandet.

For Kvinnherad er Hordfast nøkkelen for kommunikasjonen i framtida både internt i Sunnhordland, og vil gi Kvinnherad moglegheit til å kople seg på europavegen på ein fornuftig måte. Anten gjennom eige ferjefritt brusamband eller gjennom innkorta ferjesamband. Næringslivet i Kvinnherad treng betre kommunikasjonar. Kvinnherad har eit variert og offensivt næringsliv, og betre føreseielegheit for varer og andre tenester er avgjerande for å utvikle dette vidare.

Med Hordfast i nord, Rogfast i sør og ny E39 som bind desse to viktige samferdsleprosjekta saman, vert Sveio eit sentralt knutepunkt på Vestlandet. Her vil ein kunne etablera store næringsareal, midt mellom Stavanger og Bergen, og nært E134, hovudfartsåra mellom aust og vest. Ein må heller ikkje gløyme Sveio som ein god bu-kommune. Med Hordfast kan ein bu i naturskjønne omgjevnader, i ei levande grend her i kommunen, samstundes som ein kan arbeide eller gå på skule i til dømes Bergen. Desse store, og viktige vegprosjekta vil verkeleg gjera at me i Sveio lev opp til slagordet vårt, for her vert me liggande «midt i leio»!

For Fitjar vil Hordfast bety nye moglegheiter og det vil skapa ein meir attraktiv kommune. Me skal skape rom for at menneske har ulike draumar, difor er fungerande infrastruktur så viktig. Med Hordfast vil det opna seg ei våg me kanskje ikkje visste om; fleire innbyggjarar, nye næringar, ein samla region og eit samla Vestland. Det vil opne for ein felles bu- og arbeidsmarknad som vil gje moglegheit til å både pendle frå og til Fitjar.  Dette vil skape gode og attraktive arbeidsplassar, nye næringsetableringar og nok og rett kompetanse på alle nivå. Ved kortare reisetid vil innbyggjarane også oppleve ein auka tryggleik ved å bli nærare knytt opp mot beredskapen i Bergen.

Stord skal vere ein kommune som folk ynskjer å bu, leve og etablere i. For Stord som vertskommune for dei særs viktige institusjonane som Høgskulen på Vestland og Stord sjukehus vil Hordfast vere ein «game changer». Dersom me setter ut dei rette strategiane vil Høgskulen få tilgang til fleire potensielle studentar som vil kunne ta utdanninga si på Stord. Dette er lærarstudentar og sjukepleiarstudentar som vil vere viktige arbeidstakarar for heile regionen i framtida. Stord har også verdsleiande industri og kompetanse innan olje og gass, og vi er heilt i førarsete på å huse den grøne omstillinga i Noreg.

For Etne er ikkje Hordfast berre eit samferdselsprosjekt; det er like mykje eit prosjekt for å skape ein stor arbeidsregion mellom dei to største byane på Vestlandet. Denne regionen er jo den som som genererer mest inntekter til landet. Regionen har eit variert og framoverlent næringsliv som kan framstå som ei viktig motvekt til Osloregionen om me klarer å stå samla. E134 vil bli den viktigaste vegen til denne regionen. Dei ringverknadane som følgjer med Hordfast, betyr mykje for Etne kommune, og er avgjerande for at me skal vere ein attraktiv kommune å busetta seg i.

Vi treng Hordfast for ein sterkare og samanknytta region på Vestlandet, og Austevoll treng Hordfast. Det vil ha store gevinstar for Austevoll å knyte seg på E39 over Reksteren med kortare reisetid og auka opningstid. Det vil auka arbeidsmarknaden for oss austevollingar og gjere det lettare å få inn arbeidskraft til Austevoll. Me i Austevoll Høgre vil særleg leggje vekt på kva det vil koste å reise til og frå Austevoll når ein skal vurdere bru- eller ferjesamband slik at tilknytinga til resten av regionen vår blir så rimeleg og effektiv som mogleg.

Alle skildringane ovanfor viser kor viktig Hordfast blir. Høgre-lokallaga i Sunnhordland jobbar difor hardt for å sikre at dette prosjektet blir realisert. Vi er opptekne av framtida til kommunane våre og at regionen skal styrke seg. Difor bør du røyste Høgre i årets kommuneval!

André Mundal Haukås, ordførarkandidat for Sveio Høgre

Øyvind Kyvik, ordførarkandidat for Stord Høgre

Kristi Pedersen Madsen, ordførarkandidat for Tysnes Høgre

Vegard Bjørnevik, ordførarkandidat for Kvinnherad Høgre

Ragnfrid Sønstabø, ordførarkandidat for Bømlo Høgre

Bente Kari Sletten Taranger, ordførarkandidat for Austevoll Høgre

Wenche Tislevoll, ordførarkandidat for Fitjar Høgre

Arild Stenberg, ordførarkandidat for Etne Høgre