– Det dei har i Bua vil eg at fleire også skal få til, skriv fylkesordførar Jon Askeland.
– Det dei har i Bua vil eg at fleire også skal få til, skriv fylkesordførar Jon Askeland.

«Meir Liv og Lyst som i Sveio»

Den viktigaste staden er der me bur, og me som bur på mindre stader må oftast yta meir for at det er aktivitetar i lokalsamfunnet enn i tett befolka område, kor tilbodet naturleg nok er større.

Førre laurdag var eg i Sveio på den kjekkaste valkampdagen eg har hatt på mange år. Me var som kjent på motorsykkeltur og drøfta korleis Sveio og Vestland fylke i samarbeid skal jobba med vegane og vegstandarden framover. Sveio kommunestyre må landa reguleringsplan for fylkesvegen mellom Sveio og Buavåg.

I tillegg fekk eg peika på gleda over at Senterpartiet har sytt for at fylkeskommunen kunne gje Sveio den store løyvinga til breibandsmidlar. Vestland er no det fylket med best breibandsdekning i landet – det betyr mykje for oss i kvardagen.

Turen vår enda nettopp i Buavåg, der Bua Liv og Lyst-prosjektet hadde ein strålande bygdadag. Stort frammøte, mange morosame ferieaktivitetar og høve til å møtast. Eg fekk ei god innføring frå den begeistra gjengen i prosjektet. Dei uttrykte takksemd for at dei kom med i den fylkeskommunale bygdeutviklingsordninga som heiter Liv og Lyst. Liv og Lyst-ordninga er eit treårig prosjekt, der lokalsamfunn etter forprosjekt og søknad vert innvilga 390.000 kroner frå Vestland fylke for perioden.

Forteljinga de gav meg i Buavåg, er den same som eg høyrer dei andre stadene: Dei midlane fylket yter til prosjektet (det er vilkår for bruk av midlane), utløyser ein kolossal frivillig innsats og medfører mobilisering og fører nettopp til meir «Liv og Lyst» i lokalsamfunnet.

Fylkeskommunen skal bidra til vekstkraft i heile fylket, gjennom å støtta livskraftige lokalsamfunn, og vera kommunen sin beste medspelar. Det dei har i Bua vil eg at fleire også skal få til, og Senterpartiet vil auka rammene for Liv og Lyst-prosjekta i neste valperiode.

Jon Askeland,
fylkesordførarkandidat Vestland Senterparti