Naust i dag er blitt ei hytte med sjøen, som ein ikkje har lov å overnatte i. Trur nok at det er nokre som synder der., skriv Vidar Høyland.
Naust i dag er blitt ei hytte med sjøen, som ein ikkje har lov å overnatte i. Trur nok at det er nokre som synder der., skriv Vidar Høyland. FOTO: Ellen Marie Hagevik

«Ønsker Fjord Motorpark velkommen til Sveio»

Då Fjord Motorpark blei skrinlagt på Karmøy, var det synd for motorsportmiljøet og dei som har brukt pengar og energi i dette prosjektet i årevis. Då er det ein gledeleg nyheit at styret i Fjord Motorpark ønsker å etablera seg i Sveio. Endå kjekkare er det at politikarane i formannskapet støtta dette prosjektet.

At Fjord Motorpark har funne ei tomt der grunneigarar er positive til salg i Sveio, er fantastisk for Sveio og motorsportmiljøet. Tomta ligg ved Paddevegen, som er eit godt steinkast frå eit bustadområde. Sjølvsagt vil det alltid vera hus som vil bli berørt av litt motorstøy uansett kor ein etablerer seg, og litt motstand frå dei vil det nok vera.

Men grunneigarar andre plassar i kommunen og kommunen må sjå seg rundt om det er andre lokasjonar som kan brukast, og som kan vera betre enn ved Paddevegen. Kommunen har vel også ei tomt på Tjernagel som bør vurderast, og som ligg i sjøkanten. Då passar det vel ikkje betre å kalle det Fjord Motorpark, når lokasjonen er ved sjøen.

Det vil alltid vera nokre som er imot motorsport, er redde for støy eller at turløypa blir fjerna. Turløyper er det over alt, eller så kan det lagast nye andre plassar.  Det er mykje støy rundt oss til dagleg frå industri, tungtransport, bilar, motorsyklar, dyr osv. som ein ikkje tenker på. Dette er for at me menneske har den gode eigenskapen at me er tilpassingsdyktige og gløymer fort.

Dersom Fjord Motorpark kjem til Sveio, vil det vera ein gevinst for heile kommunen. Det vil gi auka omsetnad til butikkane og næringslivet. For køyretøya treng bensin, føraren treng mat, dei beste må få premie og tilreisande treng overnatting. I tillegg vil dette setta Sveio endå kraftigare på kartet. Dette er vinn-vinn!

Dette vil gi et tilbod til folk i alle aldrar som likar motorsport. For det er både yngre og eldre som begynner med motorsport når tilbodet er der. Eg har sjølv barn som er med i NMK Haugaland og køyrer gokart. Det er fantastisk kjekt å sjå utvikling og kor mykje dei støttar og hjelper kvarandre.

Alle likar ikkje å spela med ball eller andre aktivitar. Det er dei som likar motorsport også. Eg skal heia på og støtta dette prosjektet, som kan bli Vestlandet sitt største og beste motorsportanlegg.

Vidar Høyland
3. kandidat til kommunevalet
Sveio Senterparti