Vel du å ikkje røyste ved valet, godtek du at andre bestemmer korleis Sveio skal vera dei neste 4 åra, skriv Monica Vandaskog Valen.
Vel du å ikkje røyste ved valet, godtek du at andre bestemmer korleis Sveio skal vera dei neste 4 åra, skriv Monica Vandaskog Valen. FOTO: Einar Vestvik

«Bruk røysteretten din»

I år er det kommuneval og du kan førehandrøysta no fram til 8. september.

Eg anbefaler alle å bruka røysteretten sin. Då er du med og bestemmer utviklinga i bygdene og kommunen vår. Vel du å ikkje røyste ved valet, godtek du at andre bestemmer korleis Sveio skal vera dei neste 4 åra.

Finn det politiske partiet som har mest til felles med dine verdiar og livssituasjon. Alle partia har laga program til valet og her kan du lesa kva saker dei vil jobba for.

Eg håpar jo at mange vil velje mitt parti, Senterpartiet. Me er oppteken av tenester nært folk og her er nokre av dei sakene me har med i vårt program:

  • Vere garantist for dagens skulestruktur.
  • Auke bulyst i bygdene, busette flyktningar i alle bygder.
  • Gje støtte til fleire nærmiljøtiltak.
  • Nytt oppvekstsenter i Valestrand.
  • Tilretteleggje for meir næringsutvikling og nye næringsområder.
  • Gje tilskot til dagleg leiar-funksjon i Sveio Næringsforum.
  • Vere pådrivar for å få unge som fell ut av skule og arbeid tilbake i utdanning og jobb.
  • Ferdigstille kommuneplanane og utarbeide eigen landbruksplan.
  • Styrke helse og omsorg.
  • Realisere ny veg Fv. 541, Grimstvedt-Krossleite.
  • Gjennomføre ein berekraftig og forsvarleg forvaltning av naturressursane.

Monica Vandaskog Valen,
ordførarkandidat for Sveio Senterparti