Asle Georg Halleraker
Asle G. Halleraker
Tverrpolitisk Fellesliste
Det vil vere feil å hevde at Arbeidarpartiet har vore den offensive krafta i lokalpolitikken i Sveio som «sikrar utvikling og vekst». Dei har heller støtta vedtak som er gjort gjennom lange prosessar og grundig tverrpolitisk samarbeid, skriv Asle G. Halleraker. FOTO: Thomas Vallestad Drageset

«Tverrpolitisk samarbeid må til for å få gjort noko i Sveio»

Kommunevalet i år vil bli svært spanande. Heile 11 lister stiller til val, og dei er fullspekka med mange dyktige kandidatar. Tverrpolitiske Fellesliste er ei av listene som er klare til å utfordre dei etablerte. Alle parti er einige om å satse på unge og eldre, meir næringsutvikling og betre vegar.

Nedanfor ynskjer me å vise til nokon konkrete prosjekt me vil gjennomføre, for at Sveio skal bli kjent som ein handlekraftig kommune. Ein kommune som får til noko i saman der gode prosessar og prosjekt er tufta på eit tverrpolitisk samarbeid til det beste for fellesskapet.

Sveio sentrum:

  • Fullføre prosjekt som allereie ligg inne i økonomiplan for 2023 – 2026 som ny symjehall, ny idrettshall og ny kommunal barnehage.
  • Samarbeid med ungdomsrådet om å byggje frisbeegolfbane i kommunen.
  • I tillegg vil me arbeide tett opp mot Vestland fylke og Statens vegvesen for å byggje sykkelveg mellom nordre og søre Tveitvegen og mellom Vågedalen om Ekrene slik at alle kan sykle trygt mellom Sveio sentrum og Ekrene.
  • Dei eldre skal vite at me vil be rådmannen om ei sak på å investere i eit eldretur som skal innehalde ei trygg demensavdeling.

Førde:

  • Me skal sikre ei vegløysing for Solheimslio og Lauvneset, og vere med på ei rehabilitering av den gamle «kommunekaien» som er eigd av Karmsund havnevesen.
  • Me skal passe på at det blir bygd sykkel / gangsti / eventuell tursti mellom Rød og Førde over Drange. Det er i tillegg viktig å få på plass ei løysing med el – bil lading ved avkøyringa til Førde sentrum.
  • Rex Garden er eitt av dei flottaste turområda i kommunen, og Tverrpolitisk Fellesliste vil sikre ein trygg og god tursti på stranda og effektiv tilkomst til dette området for vedlikehald.

Lid:

  • Me vil samarbeide med Lid Grendelag om vedlikehald av gamle Lid skule, for å ta vare på bygningsmassen.
  • Halde fram med å løyve pengar til nærmiljøanlegg og sosiale møteplassar i krinsen.

Bua:

  • Syte for at planarbeidet i Sveio kommune blir gjennomført slik at ny Tjernagelsveg skal bli realisert.
  • Støtte opp om Liv og Lyst-prosjektet på Bua.

Auklandshamn:

  • Vere med på å finansiere nærmiljøanlegg og sosiale møteplassar i krinsen.
  • Sikre nok areal til bustadbygging gjennom planarbeidet og trafikksikringstiltak for trygg skuleveg.

Vikse:

  • Halde fullt trykk på planarbeidet med ny veg mellom Rophus og Vikse skule.
  • Byggje sykkelveg frå den nye Rophusvegen til Vikse skule.

Valestrand:

  • Støtte opp om kulturlivet i Valestrand.
  • Vere med på å finansiere naudsynt vedlikehald av Valestrand oppvekstsenter slik at det skal vere ein godt fysisk miljø for barn og unge både i skuletida og på kveldstid.

Godt val!

Asle G. Halleraker,
ordførarkandidat Tverrpolitisk Fellesliste Sveio