Første skuledag er ein viktig dag for skulestartarane, det er ein start på ein ny periode i livet, skriv Linn Therese Erve. Arkivfoto.
Første skuledag er ein viktig dag for skulestartarane, det er ein start på ein ny periode i livet, skriv Linn Therese Erve. Arkivfoto. FOTO: Thomas Vallestad Drageset

«Velkommen til skulestart»

Denne veka startar Sveio-elevane på skulen etter sommarferien, blant dei ein fin gjeng med skulestartarar. Første skuledag er ein viktig dag for skulestartarane, det er ein start på ein ny periode i livet.

Skulen og lærarane har gledd seg i mange veker, og budd seg godt på å ta i mot elevane. Dei vil gjere det dei kan for at skuledagen skal bli så innhaldsrik og god som mogeleg for dei som startar på skulen for aller første gong, og alle dei andre elevane.

Me er opptatt av at me har ein oppvekstprofil som heng saman, der barn og unge i Sveio har det bra, både på skulen og fritid. For oss er det svært viktig å sjå heile barnehage og skuleløpet under eitt. Sveio er ein kommune som tenker heile løpet frå 0 til 18 år. Derfor er eg svært glad for at me er i gong med prosjektet «Hallo-Adjø», med pengar frå Vestland fylkeskommune. For fokuset i dette prosjektet er nettopp å utvikle eit heilskapleg system for overgangen mellom barn og unge. Ved å ha ein slik heilskapleg oppvekstprofil, legg me til rette for at overgangane blir så god som mogelege, som igjen gir trygge barn og gir eit godt utgangspunkt for læring.

Sveio Arbeiderparti har tidleg innsats som eit satsingsområde, og vil arbeide vidare for at det blir gitt god oppfølging så tidleg som mogleg. Innsats og god oppfølging dei første åra i barnehage og skule er avgjerande for å legga grunnlaget for god utvikling gjennom skulegangen. Arbeiderpartiet meiner lærarar treng meir tid med kvar elev for å sikra at dei grunnleggjande ferdigheiter er på plass. Me vil arbeide for å styrke laget rundt eleven.

Eg har stor tru på det er gjennom tverrfagleg arbeid me få best effekt. Gjennom arbeid med oppvekstreforma, vil me derfor sikre betre samhandling mellom tenestene slik at ein ser kvart enkelt barn og familie.

Lukke til med skulestarten til dykk som foreldre og til skulestarterane dykkar.

Linn Therese Erve,
ordførar (Ap)