Me vil heller kjenna lukta av gull enn lukta av bensin. Og gullet er vår uerstattelege natur, skriv Kjartan Moe Hustvedt.
Me vil heller kjenna lukta av gull enn lukta av bensin. Og gullet er vår uerstattelege natur, skriv Kjartan Moe Hustvedt. FOTO: Privat

«Ja, ja og atter JA»

No er det ikkje lenge før røystene til sveibuen skal teljast og kommunestyreseter og verv fordelast. Partia knivar om å vera mest appellerande, nyskapande og framoverlente. Alle skal høyrast og alle skal få. Sveio er ein ja-kommune, gi gass! Sveio MDG er med, me ropar ja i kor med mange:

  • Trygge vegar? Ja!
  • Prima barnehage og skuletilbod? Ja!
  • Levande bygder? Ja!
  • Framifrå eldreomsorg? Ja!
  • Spela på lag med bedrifter? Ja!
  • Meir kollektivtransport? Ja!
  • Motorpark? J… nei! Motorpark? Kor er den tenkt? Kva synest naboane om det? Dei er ikkje blitt spurt, nei.

Men i Sokndal har dei laga motorpark. La oss sjå til Sokndal. Nesten 1.000 mål stor, sju kilometer frå næraste tettstad. Så flott! Ja, det må vel òg seiast at parken ligg på tomta til eit av Nord-Europas største dagbrot.

Gløymte eg å nemna at det som lenge var Noregs største vindmøllepark òg ligg der? Joda, ein vindmøllepark med ikkje mindre enn 50 vindmøller. 50 stykk! Men dei er vel ikkje så høge, vel? Jo, 113 meter høge. Ein kan trygt seia at naturen allereie var kraftig øydelagt. For å laga parken måtte dei i tillegg bruka elleve millionar tonn stein frå gruvedrifta. Og så kunne Motorcenter Norway opnast.

Me har jo dagbrot her i Sveio, kom eg på. Eg las ein av Sverre Halleraker sine artiklar: «Lukta av gull i Sveio». Vestlandske Grubecompagni leita nemleg etter det edle metallet på slutten av 1800-talet og arbeida seg 20 meter bortover i fjell med seks meter djupne. Det blir berre ei lita flis i utkanten av dagbrotet i Sokndal, det.

Då går det ikkje å bruka tomta til Vestlandske Grubecompagni. Planane Fjord Motorpark presenterte i Vestavind visar at dei vil leggja parken omkring 700 meter frå eit byggjefelt, ikkje sju kilometer. Og dei vil leggja det i urørt natur, ikkje på ei industritomt.

Me vil heller kjenna lukta av gull enn lukta av bensin. Og gullet er vår uerstattelege natur. Sveio MDG ropar difor eit rungande JA til å bevara naturen.

Kjartan Moe Hustvedt,
1. kandidat for Sveio MDG