Alle Sveio Høgre sine kandidatar til valet.
Alle Sveio Høgre sine kandidatar til valet.

«Sveio Høgre og ein framtidig motorpark i kommunen»

Sveio Høgre er i utgangspunktet positive til alle tiltak som er med på å løfta og vidare utvikla Sveio som kommune og samfunn.

Det å ta endeleg stilling til den foreslegne motorparken er i dag for tidleg, sidan planane er på eit førebuande stadium der alle fakta ikkje er kjende. Viktige punkt i denne saka er blant anna plassering, drift og finansiering.

Ein motorsportbane vil naturleg nok laga lyd når anlegget er i bruk, og me i Sveio Høgre har forståing for, og tek på alvor bekymringane frå potensielle naboar til eit slikt anlegg.

Kva økonomiske forventningar motorparken har til kommunen, er heller ikkje kjende på nåverande tidspunkt. Difor må det liggja føre både finansierings- og driftsplan før me kan vurdera å ta stilling til sjølve prosjektet.

Sveio Høgre vil vera lyttande og løysingsorienterte i den vidare prosessen, både ovanfor dei som står bak motorsportanlegget og dei som kan få anlegget som nabo.

Ein motorpark lokalisert i Sveio vil ha mange moglegheiter for heile regionen, og ha positive sider som kan gi gode ringverknadar tilbake til lokalsamfunnet.

Me har difor tru på at motorsportanlegget kan få si realisering i Sveio dersom me får gjennomført gode, inkluderande og løysingsorienterte prosessar, der alle får komma til ordet med sitt syn.

Alle Sveio Høgre sine kandidatar