Ingen elevar er like, og klassar kjem i ulike fasongar. Difor gir det inga meining med gjenbruk av identisk læreopplegg, skriv John Håkon Næss.
Ingen elevar er like, og klassar kjem i ulike fasongar. Difor gir det inga meining med gjenbruk av identisk læreopplegg, skriv John Håkon Næss. FOTO: Ellen Marie Hagevik

«Ein trygg skulestart for alle elevar»

Born mister motivasjon til å lære fordi dagens skule ikkje er god nok. Me har eit ansvar i å sørge for at skulen er ein trygg stad der alle born opplever meistring.

17. august opna skulane i Sveio kommune att. For mange elevar var dette fyrste skuledag, og for dei fleste elevar var dette starten på eit nytt år på nytt skuletrinn. Når elevane i Sveio kommune har byrja på skulen igjen, lyt me sørga for at dei opplever trygge rammer for læring og meistring.

Born gruar seg til skulestart

Ingen born skal kjenna seg engstelege når skulen startar att. Diverre er det mange born som gruar seg til skulestart, anten fordi dei ikkje opplev fagleg meistring eller lærelyst. Tal frå Elevundersøkinga visar at motivasjonen i skulen er dalande og at mange elevar keiar seg. For oss i Venstre er det ingen tvil om at dette krev politiske prioriteringar, og at me må løfte opp skulane.

Sjølv om me er heldige for at det nye skuleåret prioriterast høgt av skuleleiarane i kommunen, er det naudsynt at det blir gitt ressursar til skulane i form av tid og kompetanse. Skulen skal vere ein stad med engasjerte lærarar, og born som opplever at skulekvardagen er interessant og givande.

Engasjerte lærarar gir motiverte elevar

Ein god skule er avhengig av at lærarane har god nok tid og ressursar til å utføre jobben sin på ein god måte. Ingen elevar er like, og klassar kjem i ulike fasongar. Difor gir det inga meining med gjenbruk av identisk læreopplegg. Tilpassa og god undervisning krev at lærarane har nok fridom og tid til å følgje opp elevane med dei rette faglege utfordringane. Samstundes som me ynskjer å prioritere meir fridom og løn til lærarane i Sveio kommune, må det setjast krav om at dei som underviser har den rette faglege kompetansen.

Krav til tryggleik i skulen

Medan lærarane må ha nok kapasitet til å kunne tilpasse seg elevane sitt læringsbehov, må alle skular ha kompetente miljøterapeutar og helsesykepleiarar med kapasitet til å sjå kvar enkelt elev. Utan tryggleik i skulekvardagen kan ikkje elevane oppleve meistring. For å kunne skapa ein skule med rom for ulike elevar, med ulike behov og utfordringar, må me ruste skulane med ein personale som ser dei. Venstre vil sørgje for at elevar som ber og hjelp skal bli møtt av omsorgsfulle og kompetente vaksne.

Når alle elevar i Sveio kommune no går inn i si fyrste heile skuleveke, har me eit ansvar i å sørga for at skulen er ein plass dei gler seg til å komme til for å lære. Dette jobbar Venstre for.

John Håkon Næss,
4. kandidat Sveio Venstre