Mine politiske draumar er verken vinmonopol eller det flottaste badeanlegget i regionen. Eg ynskjer at barn og unge skal få driva med det dei interessera seg for, skriv Jarle Jacobsen.
Mine politiske draumar er verken vinmonopol eller det flottaste badeanlegget i regionen. Eg ynskjer at barn og unge skal få driva med det dei interessera seg for, skriv Jarle Jacobsen. FOTO: Privat

«KrF – eit godt alternativ»

Me stiller i år til val med eit sterkt og breitt lag som er klare for å styra Sveio kommune. Dei aller fleste av listekandidatane våre er med vidare frå sist val, men me har også styrka laget vårt med både erfarne og nye kandidatar. Stabilitet og politisk erfaring trur me kan komma godt med etter fleire år med mykje politisk uro i kommunen vår.

Om du gir di stemme til oss, skal me gjera alt me kan for å kunna oppfylla våre valløfter. I tillegg vil me gjera vårt beste til å få gjennomført politikken vår effektivt saman med partia me vel å samarbeida med. Me har tru på breie samarbeid, og vil før valet ikkje avskriva noko parti for eventuelt samarbeid. Sjølv om me ikkje avskriv nokon, trur me at politikken vår passar best saman med dei borgarlege og sentrumspartia.

Vel du å stemma på oss, og me kjem med i eit fleirtal, vil eg lova meir enn koselege MC-turar med fylkesordføraren. Skal me få fart på nytt kryss på Ekrene, gul stripe på heile Fv. 47 til Haugesund, og ikkje minst fullføra «Buaveien» Fv. 541 Sveio sentrum-Grimstvedt,  må politikarane i Sveio setja seg i førarsete.

For å få fart i arbeidet må me sjølve setja dagsorden og invitera oss inn til dei som faktisk sit på pengesekken. Her har me ingen tid å mista! Samferdselsprosjekta er ein liten, men svært viktig del av kommunen sine oppgåver å følgja opp. God og effektiv infrastruktur gir grunnlag for både vekst og utvikling.

Men kommunepolitikk er så mykje meir enn smale og dårlege vegar. Kommunen sine primæroppgåver er tross alt å driva tenester for dei som treng det. Me har eit gjennomarbeida, konkret program, og her er nokre av punkta som me ofte blir spurt om. Heile programmet kan du lesa på våre heimesider.

  • Sveio KrF vil jobba for at dagens skulestruktur ikkje blir endra. Ei eventuell endring av skulestrukturen må eventuelt initierast av FAU på den aktuelle skulen.
  • Sveio KrF vil jobba for å innføra fritidskort til barn og unge.
  • Sveio KrF vil jobba for å byggja ny fleirbrukshall eller utvida Vigdartun sin idrettshall i løpet av neste kommunestyreperiode.
  • Sveio KrF vil jobba for å etablera eldrelandsby i Sveio.
  • Sveio KrF vil jobba for at Sveio framleis skal være ei del av Vestland fylke.

Me trur at vår politiske erfaring, breidde og stabilitet gjer oss svært godt rusta til å vera med på å leia kommunen i komande periode. Mange av våre kandidatar har verdifull erfaring frå kommunepolitikken, og det kjem godt med når kvardagen kjem.

Nå gler me oss til å møta folk på stand, og me håpar at mange har lyst til å slå av ein prat med oss.

Godt val!

Jarle Jacobsen,
ordførarkandidat Kristeleg Folkeparti