Arbeidet med fiskerhavna i Langevåg pågår for fullt og trafikken over Tjernagelvegen er aukande. Av den grunn er det svært viktig at denne saka snarast får ei god framdrift, skriv Mikael Møller Hovda og Lars Odvin Hovda.
Arbeidet med fiskerhavna i Langevåg pågår for fullt og trafikken over Tjernagelvegen er aukande. Av den grunn er det svært viktig at denne saka snarast får ei god framdrift, skriv Mikael Møller Hovda og Lars Odvin Hovda. FOTO: Privat

«Reguleringsplan for Tjernagelvegen Fv. 541»

Parallelt med arbeidet for å få betre dekker på vegane våre, er det også viktig å arbeida for «ny» Tjernagelveg.

Då fylkesordføraren og andre fylkestingsrepresentantar var i Sveio 5. august, var dei alle klare på at før fylkeskommunen kan løyva midler til resterande strekk av Tjernagelvegen (Grimstveit-Krossleitet), må reguleringsplanen vera godkjent i kommunen.

Dette har fylkesordføraren på nytt understreka i eit seinare lesarinlegg. Me må difor nå koma i gong med dei endringane av planen som kommunestyret har gjort vedtak om fleire gonger, og som det er bevilga planmidlar til.

Det som manglar er ein bindande framdriftsplan og ein plan for korleis arbeidet kan organiserast på ein god måte. Dette skulle vore laga før ferien, men når det ikkje blei gjort er det viktig at det kjem til hovudutval teknisk/næring på  neste møtet.

Rådmannen må også klargjera korleis dialogen med grunneigarane skal gjerast for å følgja opp kommunestyret sitt vedtak frå april 2022. Det må elles gjerast ei vurdering på om det er føremålstenleg å dela reguleringsplanen i to deler, for å få til ei raskare avgjerd.

Arbeidet med fiskerhavna i Langevåg pågår for fullt og trafikken over Tjernagelvegen er aukande. Av den grunn er det svært viktig at denne saka snarast får ei god framdrift, slik at me ikkje kjem meir på etterskudd overfor fylkeskommunen.

Heldigvis har dei fleste parti og grupper denne gong teke med i programma sine at ny Tjernagelveg må byggjast. Utsiktene skulle difor nå vera gode for å få dette til.

Mikal Møller Hovda
Lars Oddvin Hovda
Sveio Høgre