Symjehall eit av prosjekta det må samarbeidast om. Planlegging har pågått i over 10 år, men er ikkje i mål trass i mange positive vedtak, skriv Mikael Møller Hovda og Lars Einar Hollund. Illustrasjon: Vikanes Bungum frå 2020.
Symjehall eit av prosjekta det må samarbeidast om. Planlegging har pågått i over 10 år, men er ikkje i mål trass i mange positive vedtak, skriv Mikael Møller Hovda og Lars Einar Hollund. Illustrasjon: Vikanes Bungum frå 2020.

«Leggja til rette for godt samarbeid»

Sist veke hadde Asle Halleraker eit innlegg i Vestavind der han lista opp ein heil del saker som han meiner det må samarbeidast om for å gjennomføra i neste kommunestyreperiode. Dei forslaga han har teke med i dei forskjellige delene av kommunen, er for det meste forslag me alle er einige om, og det kunne godt vore lista opp langt fleire punkt. Dersom me går inn i valprogramma til partia i Sveio, er det stort sett dei same sakene alle er opptekne av. I så måte skulle forholda liggja godt til rette for samarbeid.

Høgre har også i denne perioden invitert til breitt samarbeid når det gjeld viktige saker, og har ofte laga forslag til vedtak som tidleg i prosessen er sendt til dei fleste gruppene. I første del av perioden var det heller liten respons, og få eller ingen tilbakemeldingar frå dei partia som har fleirtalet i kommunestyret. Me synest likevel samarbeidet nå er blitt mykje betre, særleg det siste året. Derom dette samarbeidet kan fortsetja også etter valet, har me tru på at me kan få til ei god utvikling for Sveio.

Men me må stikka fingeren i jorda – alt kan ikkje gjennomførast på ein gong. Me må gjera det viktigaste først, og før me fremjar for mange nye store prosjekt, må nokre av dei sakene som allereie er vedtekne, bli ferdige. For det er eit stort etterslep på å gjennomføra mange vedtekne saker.

Me er også enige i det meste når det gjeld økonomiplanen, men ny symjehall og ny idrettshall må vurderast saman med prosjektet «nyskapande aktivitets- og idrettsanlegg» i lag med gode investerings- og driftsplanar for prosjektet. Økonomiplanen blir heldigvis rullert kvart år, så me må alltid vera opne for nye, gode løysingar.

For å gjera Sveio endå betre, må me ha ein del felles mål for heile kommunen å samarbeida om. Her er nokre eksempler:

Me må gjera det enkelt og attraktivt å busetja seg i Sveio. Me treng folkeauke i alle deler av kommunen, og då må me satsa på dei unge, med å leggja forholda til rette for at dei vil busetja seg i kommunen.

Me må også satse på næringsutvikling og samferdsel. Me veit også at antal eldre vil auka ein heil del framover. Dette må me førebu oss på og ha ein god opptrappingsplan innan eldreomsorga allereie nå.

Nei, det er ikkje vanskeleg å finna saker som me kan samarbeida om, dersom me vil. Det er heller ikkje å lista opp aktuelle saker frå partiprogramma som er problemet, det er me ganske flinke til, særleg nå rett før valet.

Det som me meiner er problemet, er ofte gjennomføringsevne og handlekraft. Her er me ikkje gode nok. I mange viktige saker har me gjort gode vedtak med framdriftsplanar, og kanskje er midlene også bevilga. Nokre gonger startar arbeidet, men dreg ut i tid. Andre gonger kjem ikkje arbeidet i gong.

Nedafor har me peika på nokre viktige saker for Sveio kommune som ikkje er gjennomførte innan normal tid:

  • Kommuneplanen: påbegynnt 2016, ikkje ferdig.
  • Sentrumsplanen: påbegynnt i 2016, ikkje heilt ferdig, men det nærmar seg heldigvis.
  • Områdeplan for Ekrene med ny veg til Rophus: klar for oppstart i 2012, ikkje ferdig.
  • Ny Tjernagelveg: reguleringsplanen er ikkje ferdig.
  • Symjehall: Planlegging har pågått i over 10 år, men er ikkje i mål trass i mange positive vedtak. Håpar at prosjektet «nyskapande aktivitets- og idrettsanlegg» kan få fart i sakene.
  • Arbeid med trygg sykkel- og gangveg mellom Rophus og Vikse skule starta opp for 6 til 7 år sidan, men har stoppa opp.
  • Utviding av næringsarealet på Ekrene er ikkje kome i gong.
  • Generelt ligg Sveio kommune  i dag på etterskot når det gjeld planlegging.

Sveio kommune har i lang tid hatt ei såkalla «restanseliste», som har vore ei oversikt over dei fleste vedtekne sakene i kommunen som ikkje er gjennomførte. Denne lista er svært lang og består av små og store saker, viktige og mindre viktige saker om kvarandre.

Dette året har lista endra namn til «prioriteringsliste», men lista er like lang og sakene som ikkje er gjennomførte, har fått proiritert rekkjefølgje. Det er positivt, men me må vera varsame med å fremja nye store prosjekt før ein del av prosjekta som i dag står på prioriteringslista, er i godt gjenge eller ferdige.

Me meiner elles lista må ryddast meir i, og det må vera kommunestyret som prioriterer kva saker som skal bli gjennomført først. Det må vidare lagast framdriftsplanar for dei viktigaste sakene. Dei «mindre viktige» sakene kan rådmannen prioritera og laga framdriftsplan for.

Alt kan ikkje gjerast på ein gong, men dei sakene som er med å skapa utvikling og vekst, og som kan styrka kommunen sin økonomi i framtida, må vera blant dei prioriterte sakene.

Me må også få planverket på plass for å vera godt budde når veksten i bustadbygginga kjem i gong att. I samband med «det grøne skiftet», veit me også at det i framtida vil vera behov for aktuelle næringsareal både på land og ved sjøen. Dette må me førebu gjennom den planlegginga som skal gjerast i Sveio i perioden som kjem.

Godt val!

Mikal Møller Hovda og Lars Einar Hollund,
listekandidatar Sveio Høgre