Ser ein fram til 2050 er det heile 271 personar med demens i Sveio som mest sannsynleg treng hjelp av kommunen for å dekka sine grunnleggande behov, skriv Anne Lise Økland og Linn Therese Erve.
Ser ein fram til 2050 er det heile 271 personar med demens i Sveio som mest sannsynleg treng hjelp av kommunen for å dekka sine grunnleggande behov, skriv Anne Lise Økland og Linn Therese Erve. FOTO: Rawpixel Ltd.

«Sveio inn i framtida»

Me i Sveio Arbeidarparti vil utvikle helse- og omsorgstenestene til å møte framtidas behov, der eit aldersvenleg samfunn står sentralt. Alle fortener ei god og aktiv alderdom.

Nasjonalt har Arbeiderpartiet lagt fram ei ny eldrereform som skal sikre eldre tryggleik for at fellesskapet stiller opp. Torsdag førre veke var helseminister Ingrid Kjerkol (Ap) på besøk hjå Sveio omsorgssenter, i strålande sol, i lag med Fagforbundet sin nestleiar Helene Harsvik Skeibrok.

Helseministeren la ikkje skjul på at eldreomsorga i framtida truleg vert vanskelegare enn den er i dag. Statistisk sentralbyrå støttar opp om dette. Det er venta ei sterk auke i eldre fram mot 2060, noko som kan føre til at helse- og omsorgstenestene vert ei av dei største vekstnæringane i Noreg – så sant ein har menneske som vil utdanne seg til profesjonane ein treng for å drifte den.

I 2060 er det kanskje du og eg som treng helse- og omsorgstenester i Sveio kommune. Det høyrest fjernt ut når ein snakkar om statistikk og framskrivingar fram i tid, men det er berre 37 år til.

Korleis vil me ha det då?

Om me ser oss litt tilbake viser Nasjonalt senter for aldring og helse, som mellom anna har fokus på demens, at det i 2020 var 95 personar med demens i Sveio. Ser ein fram til 2050 er det heile 271 personar med demens som mest sannsynleg treng hjelp av kommunen for å dekka sine grunnleggande behov- ei auke på heile 147,27 prosent.

Me er opptatt av at desse skal ha det trygt og godt når dei møter omsorgspersonane som skal hjelpa dei, og at deira pårørande er godt ivaretatt. For det er tungt å vera pårørande til ei mor eller ein far, eller ein ektefelle. Når ein av dine nære får demens, vil livet endre seg.

Sveio Arbeiderparti er derfor opptatt av at me må ta ei grundig heilskapleg vurdering av korleis me skal møte framtidas behov og utfordringar innan helse og omsorg. Me må syte for at me har ei så effektiv drift som mogeleg, samstundes som me gir god kvalitet til brukarane. For å få til det må me omstille oss og vere løysingsorienterte.

Sveio kommune er allereie godt i gang med arbeidet, noko helseministeren gav oss ros for. Me vil i neste periode vere aktive i det vidare arbeidet. Me må syte for at me har gode bustadar for dei eldre, at me kan bu heime så lenge som mogeleg, og at me har nok folk som jobbar i denne sektoren, og ei god oppgåvefordeling. Me vil fortsette arbeidet med rekruttering og heile faste stillingar, førebygging, med til dømes helsestasjon for eldre, legge til rette for gode bumiljø i eldreomsorga og greie ut ulike buformar innan helse og omorgssektoren.

Anne Lise Økland og Linn Therese Erve,
Sveio Arbeiderparti