Nils T. Bjørke, Monica Vandaskog Valen, Arne Valen og Kristian Eilerås på gardsbesøk hos Steinar Vikse, heilt til venstre.
Nils T. Bjørke, Monica Vandaskog Valen, Arne Valen og Kristian Eilerås på gardsbesøk hos Steinar Vikse, heilt til venstre. FOTO: Privat

«Landbruket i Sveio sine utfordringar»

Sveio Senterparti var tysdag 22. august vertskap for eit møte om landbruk og eit gardsbesøk der stortingsrepresentant Nils T. Bjørke (Sp) var til stades.

I møtet på kommunehuset var mellom andre representantar frå Sveio Bondelag, Sveio Bonde- og Småbrukarlag og landbruksrådgjevarar frå næringsavdelinga til stades.

Senterpartiet er eit næringsparti, og landbruk er den største næringa i kommunen. Landbruksrådgjevar Gjertrud Svartveit Osmundsen vart spurt om å informere om status for landbruket i kommunen og kva utfordringar ein har.

Sveio har 150 bønder som leverer søknad om produksjonstilskot frå staten. Det er ingen lokale midlar å søke på. Talet på bønder er relativt stabilt, men dei er ei aldrande gruppe. Det er 48 bønder over 60 år. Av dei er 9 over 75 år og 4 bønder er over 80 år. Det er berre 12 bønder under 35 år som leverer søknad om produksjonstilskot.

Fleire av deltakarane snakka om at generasjonsskifte i landbruket ikkje er lett. Unge kvir seg for å satsa med store låneopptak medan inntekta er låg. Det blei og hevda at eldste generasjon blandar seg ofte i korleis dei unge driv.

Sveio har berre 10 mjølkebønder igjen. For desse bøndene, og for dei som driv med ammekyr, er det myndigheitskrav om lausdrift og kalvebåsar mellom anna. Sjølv om det finns støtteordningar for nybygg, blir investeringa gjerne 8-10 millionar kroner. I tillegg er det beitekrav om 16 veker i året for kyr på beite. På Vestlandet med mykje regn, blir bøane snart svarte. Her burde det vera differensierte krav mellom dei ulike landsdelane.

Driveplikt er eit utfordrande område i landbruket i Sveio. Det er ikkje lett for bønder som vil satsa å få leigeavtalar om jord for å produsera nok grovfôr. Godkjende leigeavtalar er på 10 år. Mange eigarar av mindre gardar vil ikkje binda seg for so lang tid i håp om å få omklassifisert bruket til anna. Resultatet blir gjengroing og vanskjøtsel. Jordvernet i kommunen er også sårbart. Jord som ikkje er i bruk er det verste jordvern.

Møtedeltakarane var einige om at landbruket i Sveio er viktig for matproduksjon og for å auka sjølvforsyningsgraden som nasjonalt berre er på 40 prosent. Eit viktig innspel var at det er samfunnet og ikkje berre landbruket som har desse utfordringane. Det er berre 0,7 prosent av befolkninga i Noreg som driv med landbruk.

For nokre av deltakarane blei det også gardsbesøk hos Steinar Vikse, leiaren i Sveio Bondelag. Han er 8. generasjon bonde på Haugane gard sidan 1790-talet. Garden er eit døme på at landbruket i Sveio har ei framtid.

Arne Valen
Sveio Senterparti