Ved kyrkjevalet stemmer du på kandidatar til soknerådet, bispedømerådet og Kyrkjemøtet, skriv Bent Rune Sinnes (t.v.) og Tor Helge Hardeland.
Ved kyrkjevalet stemmer du på kandidatar til soknerådet, bispedømerådet og Kyrkjemøtet, skriv Bent Rune Sinnes (t.v.) og Tor Helge Hardeland. FOTO: Privat / Einar Vestvik

«Alle som er over 15 år kan stemme ved kyrkjevalet»

Bruk di stemme ved kyrkjevalet 11. september 2023, på Soknehuset i Sveio og i dei andre vallokala. Du kan også stemme digitalt fram til 6. september kirken.no.

Ved kyrkjevalet stemmer du på kandidatar til soknerådet, bispedømerådet og Kyrkjemøtet. Dei blir vald for ein fireårsperiode og er med på å avgjere korleis kyrkja skal prioritera oppgåver nasjonalt og lokalt her i Sveio.

Nominasjonskomiteane i Sveio har funne gode kandidatar ved kyrkjevalet. Vi inviterer deg til å bruke di stemme ved Kyrkjevalet 11. september – og til å  gjere endringar ved å gi ekstra stemme til ein eller fleire av kandidatane.

Soknerådet har som hovudoppgåve å forma og utvikla kyrkjelyden. Soknerådet tek avgjerder på vegner av alle som høyrer til kyrkjelyden, innan diakoni, gudstenester, kultur, undervisning og aktivitetstilbod for små og store.  Du er med å velje kyrkjas lokale leiarar for kommande valperiode.

Folkekyrkja i Sveio

Vår erfaring frå å vere i leiinga av kyrkja i Sveio gjennom fleire år, er at kyrkjene er viktige for folket. Kyrkjene har gjennom generasjonar vore med i familien sitt liv og tek vare på tradisjonar som er viktig for folk sitt liv og historie. Kyrkjene gir også forankring, håp og nytt livsmot for mange i dag, som det har vore gjennom lange tider.

Kyrkjene er signalbygg der dei står. I Sveio, Førde, Valestrand og Eikeland.

Kyrkjene har for dei fleste av oss alltid vore der, og dei representerer noko av det kjende. Rehabilitering av kyrkjer og kva som blir gjort i kyrkjerommet skaper lett samtaletema. Vi forstår det som eit uttrykk for at kyrkjene ber noko som har mykje å seie.  Kyrkjene i Sveio er folket sine kyrkjer.

Kyrkja skal vere ein stad for tru og tvil, ettertanke og trøyst – eit rom for håp.

Det er her vi seier «ja» til våre utvalde og døyper barna våre. Det er her unge vel konfirmasjonstid med forbøn og Gud si velsigning. Det er her vi tek farvel med våre kjære, og hit kan vi søkjer når motbakkane blir for tøffe.

Kyrkja skal vere eit rom for oss i lokalmiljøet vårt.

Kyrkjemedlemmene er mangfaldige

Dei aller fleste av oss som bur i Sveio er medlem av Den norske Kyrkja. Kyrkjemedlemmene speglar samfunnet elles.

Mange har sagt at songen og dugnadsinnsatsen har vore samlande og eit kjennemerke for kyrkja i Sveio. I dag merker vi songen i barnekora og i gudstenestene. Med unge og vaksne leiarar bidrar kor til fellesskapet og gjev oss minnerike opplevingar.

Dugnadsarbeid og foreldreengasjement  har vore samlande og er det framleis. Vi ser det i Gjenbruksløa, Kidshouse, trusopplæringa, barnekor og gudstenestene. Råd, utval og styre gjev strukturar som aktivitetar kan gjennomførast innafor.

Til saman er det stort engasjement og frivillig innsats frå mange av oss. Vi er alle kyrkja!

Vi oppmodar alle kyrkjemedlemmer å nytta stemma si og røyste ved kyrkjevalet 11. september.

Godt val!

Tor Helge Hardeland, leiar for valnemda i Valestrand og Førde sokn

Bent Rune Sinnes, leiar for valnemda i Sveio sokn