Inne i det raude feltet er området Fjord Motorpark ser for seg å laga eit anlegg.
Illustrasjon: Google, grafikk: Thomas Vallestad Drageset
Inne i det raude feltet er området Fjord Motorpark ser for seg å laga eit anlegg. Illustrasjon: Google, grafikk: Thomas Vallestad Drageset

«La oss saman få Fjord Motorpark til Sveio»

I den idylliske kommunen vår, Sveio, finst det lite og gleda seg over vist ein ikkje er interessert i fotball eller volleyball. Men kva om vi kunne leggje til ein spennande dimensjon til samfunnet vårt Kva om vi kunne få Fjord Motorpark til å finne ein heim her?

Tenk deg det: ein moderne motorpark, midt i hjartet av Sveio. Eit stad der motor- og fartseintusiastar kunne samlast for å oppleve adrenalinet, samtidig som vi trekkjer til oss besøkjande som ønskjer å nytte den fantastiske naturen vår og oppleve spennande motorsport.

Fjord Motorpark ville ikkje berre vere ein destinasjon for fart og spenning, det ville òg skape arbeidsplassar og økonomiske moglegheiter for lokalsamfunnet vårt.

Vi ville sjå ein auke i aktivitet som ville kome alle til gode.

Tenk på dei unge talenta som ville bløma i eit slikt miljø, med fasilitetar som inspirerer og banar som utfordrar. Vi ville kunne vere stolte over å sjå våre eigne førarar nå nye høgder og kanskje til og med konkurrere på nasjonalt eller internasjonalt nivå.

La oss ikkje gløyme det positive miljøaspektet. Fjord Motorpark kunne vere ein pioner når det gjeld berekraftig drift og utvikling. Dette ville ikkje berre vere til fordel for oss, men det ville òg setje ein standard for liknande anlegg andre stader.

Så la oss gå saman som eit samfunn og støtte initiativet om å få Fjord Motorpark til Sveio. Dette er ei moglegheit vi ikkje bør la gå frå oss – ei moglegheit til å rikke opp samfunnet vårt, inspirere dei unge, og gi oss alle noko å vere stolte av.

La oss saman skape eit Sveio som er kjent for meir enn drill og volleyball, eit Sveio som òg er kjent for si spennande Motorpark og si lidenskap for fart og fellesskap!

Oscar Misje og Theodor Eriksen