Me er alle enige om at det må vera eit godt tilbod om eldrebustader i Sveio, samstundes som det må vera lett å få plass på omsorgssenteret (SOS) når det er nødvendig, skriv Mikal Møller Hovda og Carl Enoksen.
Me er alle enige om at det må vera eit godt tilbod om eldrebustader i Sveio, samstundes som det må vera lett å få plass på omsorgssenteret (SOS) når det er nødvendig, skriv Mikal Møller Hovda og Carl Enoksen. FOTO: Irene Flatnes Haldin

«Forskrifta om rett til langtidsopphald i sjukeheim bør sendast på høyring»

Me er alle enige om at det må vera eit godt tilbod om eldrebustader i Sveio, samstundes som det må vera lett å få plass på omsorgssenteret (SOS) når det er nødvendig. Me er difor glad for at «Forskrifta om rett til langtidsopphald i sjukeheim med kriterier og ventelister» etter spørsmål frå Høgre nå er sett opp på den politiske dagsorden.

Me blei likevel litt forundra når me oppdaga at rådmannen sitt forslag til hovudutval helse/omsorg, er at forskrifta blir godkjent utan først å senda den på høyring eller å få uttale frå eldreråd, pårørandeforeining eller andre aktuelle høyringspartar.

Dette er trass alt ei viktig forskrift, som svært mange vil få berøring med før eller seinare. Me trudde faktisk også at før ei forskrift blei endeleg handsama politisk, så er det vanleg å senda den på offentleg høyring. Me meiner det vil vera klokt også i dette tilfellet.

Antal eldre i Sveio vil auka ein heil del i åra som kjem. Difor må kommunen allereie nå starta arbeidet med å førebu og leggja til rette for denne auken, slik at dei som treng pleie og omsorg får den hjelp som er nødvendig også i framtida. I denne førebuinga må det også undersøkjast kva mogelegheiter som er av velferdsteknologi som kan gjera eldreomsorga sikrare og betre i framtida også for dei som vil bu heime.

Alle som ønskjer det må nemleg få lov til å bu heime så lenge dei kan, og difor må kommunen ha ei god informasjonsteneste om tilrettelegggjing av eigen bustad og aktivt bruk av husbanken sine låne- og tilskotsordningar.

Dersom me også får i orden ein sambuargaranti slik at gifte eller sambuande som ønskjer det, kan få bu i lag på omsorgsheimen, så kan me sjå alderdommen trygt og godt i møte.

Ha eit godt val!

Mikal Møller Hovda og Carl Enoksen
Sveio Høgre