Kommunen skal vere ein tilretteleggjar. Infrastruktur er ein av tingene kommunen skal leggje til rette, og eit eksempel er arbeidet med ny Tjernagelveg Fv. 541, skriv Monica Vandaskog Valen.
Kommunen skal vere ein tilretteleggjar. Infrastruktur er ein av tingene kommunen skal leggje til rette, og eit eksempel er arbeidet med ny Tjernagelveg Fv. 541, skriv Monica Vandaskog Valen. FOTO: Einar Vestvik

«Saman for å utvikle Sveio»

Senterpartiet sin visjon for Sveio er ein stad der næringslivet og miljø går hand i hand. Der vi stolt viser fram vår vakre natur til både innbyggjarar og besøkande. Der vi kan sjå barna våre vekse opp i eit trygt og inkluderande samfunn.

Sveio Senterparti ønskjer å arbeide for å få til utvikling av heile kommunen. Sveio ligg strategisk godt plassert med E39 og mykje sjølinje. Dette gir moglegheiter for utvikling. Vi ønskjer å arbeide for at kommunen skal tilrettelegge best mogleg slik at nærlingslivet vil etablere og fornye seg i framtida.

Kommunen skal vere ein tilretteleggjar. Infrastruktur er ein av tingene kommunen skal leggje til rette, og eit eksempel er arbeidet med ny Tjernagelveg Fv. 541. Der skal vi i Senterpartiet arbeide for å komme i gong med endringane av planen som kommunestyret har gjort vedtak på. Det manglar ein framdriftsplan og ein plan for korleis arbeidet kan organiserast på ein god måte. Når reguleringsplanen er godkjent i kommunen, så kan fylkeskommunen løyve midlar til resterande strekke av Tjernagelvegen, Grimstveit-Krossleitet.

Vi ønskjer utvikling i heile kommune. Vi synes blant anna at det er viktig med eit oppdatert svømmebasseng i kommunen først og fremst for å sikre ei god svømmeopplæring, men det er viktig for oss at driftskostnadene er innafor gitte rammer.

Nyskapande aktivitetsanlegg på Vigdartun vil vere bra for alle aldrar. Det inneber ein ombygging og påbygging av Vigdartun.

Vi må ta grep for å styrke skulen i Sveio. Våre barn er framtida, og vi skal sørge for at dei får god utdanning og oppfølging i skulen. Det betyr at vi må innvestere i lærarane sin kompetanse, tenke nytt og framtidretta og gi elevane moglegheit til å utforske sine interesser. Det er også viktig å gi skulane tilstrekkeleg ressursar.

Ungane i skulen skal føle seg trygge og ivaretatt frå 1-10 klasse. Senterpartiet vil at skulestrukturen skal vere slik den er i dag, og vi ønskjer å arbeide for å få utvikling og vekst i heile kommune. Eit av tiltakene kan vere å bruke heile kommunen når ein skal finne bustad til flyktningane som kjem til kommunen.

Senterpartiet vil etablere eldrebustader fleire plasser i kommunen. Eldrerådet har gitt tilbakemelding om at eldre ønskjer å bu lengst mogleg heime i bygda si, men i ei leilegheit eller ein bustad som er mindre og lettare å halde.

Senterpartiet vil arbeide for å få til eit godt samarbeid, saman kan vi byggje bruer og finne løysingar som tener fellesskapet.

Monica Vandaskog Valen
Ordførerkandidat
Sveio Senterparti