Eg meiner Sveio treng endring. Ei politisk endring, men og ei ny satsing med god marknadsføring av kommunen vår, skriv Sondre Natås Strand.
Eg meiner Sveio treng endring. Ei politisk endring, men og ei ny satsing med god marknadsføring av kommunen vår, skriv Sondre Natås Strand. FOTO: Privat

«Sveio må vekse – då treng me ei endring»

Som den einaste kommunen i regionen med negativ befolkningsvekst, er det tydeleg at me i Sveio treng ei endring. Kva kan me som politikarar gjere for at Sveio skal vekse?
Sveio KrF er eit parti som passar dei fleste. Me har listekandidatar med hjartesaker som helse, miljø og oppvekst, og listekandidatar som meg, som har fokus på næring, utvikling og samferdsel. Saman er me eit komplett lag.

Eg meiner Sveio treng endring. Ei politisk endring, men og ei ny satsing med god marknadsføring av kommunen vår. Andre parti meiner eit svindyrt basseng skal gjere kommunen meir attraktiv. Når ein skal busetja seg ein ny plass er det vanleg å undersøka arbeidsmoglegheita, skule, barnehage, skuleveg og avstand til butikk. Eg trur basseng står forholdsvis lågt på denne lista. Basseng hadde vore kjekt, om kommunen klarer å drifte det utan at det går ut over andre funksjonar.

Eg vil i kommande kommunestyreperiode ha fokus på viktige og nødvendige tiltak for å sikre kommunen si framtid. Vigdartunet skal byggjast om og bli noko større, planane for dette ser veldig bra ut. Me er naud til å ruste opp og gjere nokre med omsorgssenteret i Sveio og Valestrand oppvekstsenter. Desse bygga krev vedlikehald eller rehabilitering. I tillegg har eg eit ønskje om å byggje bustadar/omsorgssenter i Førde, slik at dei eldre har eit alternativ til sentrum. Grunna manglande tilbod om ambulanse, legevakt og lensmann, er det ekstra viktig å få på plass dei nye brannstasjonane i Sveio og Førde innan fristen til arbeidstilsynet.

Alle i kommunen skal anten ha ein trygg skuleveg med gangsti eller med skuleskyss, uavhengig av avstand til heimen. Me skal framleis ha gratis kjernetid i SFO, gjerne også utvida tilbodet, samt ha tilbod om SFO på Auklandshamn. Eigedomskatten skal me ikkje gjeninnføra denne perioden.

For å auka innbyggjartalet i kommunen ønskjer eg å i mykje større grad å tilby spredt bustadbygging, gjerne langs kysten. Attraktive tomter, med god storleik til ein fornuftig pris, er noko Sveio kan tilby, som er sjeldan kost i nabokommunane. Eg meiner også at Sveio bør gi vekk tomter til aktørar som ønskjer å slå røtter i kommunen, og som kan garantere lokale arbeidsplassar. På sikt er det ikkje tomteverdien kommunen tener penger på.

Me må også i mykje større grad auka marknadsføringa mot førstegongskjøparar og yngre, gjerne ved å nytta startlån med inntil 100 % finansiering. Dette er eit tilbod som kommunen kan nytte seg av i dag, men som i liten grad blir gjennomført eller informert om. I tillegg må kommunen støtta alle bygdene og ha sterkt fokus på busetjing i heile kommunen, kanskje med ekstra tilbod til dei som buset seg i dei minste bygdene.

Eg vil ha eit Sveio med sterkt sentrum, men som legg til rette for å bu i heile kommunen. Det inneber at me også må driva skular og barnehagar på bygdene i forsvarlege bygg. Idrettsanlegg og andre funksjonar for fritidsaktivitetar må vere tilgjengelege også utanfor sentrum. Eg vil også at gamle som små skal bli sett, høyrt og ivaretatt. Alle skal føle at Sveio er ein trygg plass å bu.

Eg vil ønskje alle lukka til med valet, og bruk stemmeretten!

Sondre Natås Strand
2. kandidat Sveio KrF