Når ein har budd saman eit langt liv, har ein ei von om at det skal vara til døden – ikkje kommunen – skil ein ad, skriv André Mundal Haukås.
Når ein har budd saman eit langt liv, har ein ei von om at det skal vara til døden – ikkje kommunen – skil ein ad, skriv André Mundal Haukås. FOTO: Privat

«Sambuargaranti – til døden, ikkje kommunen, skil ein ad»

Det er godt å sjå at alle dei politiske partia i Sveio har fokus på eldreomsorga, og at det er eit felles ynskje å sikra at det skal vera godt å bli gamal her i kommunen. Me i Høgre ynskjer å trekka fram noko me ser ut til å vera åleine om å ha fokus på; kjærleiken mellom dei eldre.

I april 2018 vedtok Stortinget ein garanti som skulle sikra at eldre pleietrengjande med plass på sjukeheim skal kunna bu saman med ektefelle eller sambuar livet ut, uavhengig av partnaren sitt eige behov for pleie. Denne garantien er det i dag berre ei snau handfull med kommunar i Vestland som har innført.

Det gjer vondt høyre om par som vert splitta, og vert sittande urolege i kvar si stove. Me snakkar ofte om å sjå heile mennesket. Då lyt me også leggja til rette for at par får vera saman, sjølv om den eine treng ein plass på institusjon. Kjærleik skapar tette band, som det ikkje skal vera opp til kommunen å bryta.

Sveio Høgre meinar det er svært viktig å ta vare på kjærleiken mellom dei eldre. Me vil at det skal leggjast til rette for at alle skal få bu saman med den dei er glad i, så lenge dei ynskjer det, også dersom den eine, eller begge treng institusjonsplass. Me er difor klar på at me ynskjer å sikra at sambuargarantien også vert gjort gjeldande i Sveio.

Når ein har budd saman eit langt liv, har ein ei von om at det skal vara til døden – ikkje kommunen – skil ein ad.

Ein sambuargaranti må ikkje oppfattast som tvang, men lyt vera eit frivillig tilbod. Helse og sinnstilstand kan gjera at det for nokre ikkje er greitt å bu saman, men saman med dyktige tilsette som kan gjera gode faglege vurderingar, er me trygge på at ein vil ivareta både dei eldre, og deira pårørande på ein trygg og god måte.

Trass i at det ikkje alltid er lange avstandar her i kommunen, kan det for ein som er immobilisert opplevast som svært krevjande å få vitja partnar som har fått plass omsorgssenteret.

Mange har delt gleder og oppgåver med kvarandre, drøfta livsutfordringar saman, og opparbeidd ei sterk tilhøyrsle til kvarandre. Å verta skilde på grunn av helse kan verka særs opprivande. Mange vert avhengige av kvarandre og uskiljelege etter eit langt liv saman.

Så kvifor skal ein ikkje få ha dei siste åra saman?

Godt val!

André Mundal Haukås
Ordførarkandidat
Sveio Høgre